(FIRDAPOSTEN): Seinast sist veke gjekk Kåre Toreid på vegner av florøpolitiet ut i Firdaposten med ei klar oppmoding: Florøfolk – og i ekstra grad ungdommen – må gjere ein innsats for å gjere trafikkbildet vårt tryggare.
Bakgrunnen er politiet sine eigne observasjonar, samt ei stor mengde tips frå bekymra innbyggjarar, om det ein på godt norsk kan kalle å «ferdast villmann» på sykkel og sparkesykkel.
– Tipsrekkja og bøn om å kome å halde kontrollar i folk sine nærområde berre veks og veks. Og vi har vel innsett at dialog og førebygging åleine ikkje er nok til å få endra ei åtferd som før eller seinare vil ende med stygge skadar eller i verste fall eit dødsfall. Og det har vi ikkje råd til, seier etterforskingsleiaren.
Difor har politiet i Florø no bestemt seg får å ta i bruk gebyr- og føreleggsutskriving til dei som ikkje held trafikkreglane.
Eit døme på det kan vere korleis du køyrer el-sparkesykkel i Strandgata.
– Som vi har informert om gjennom Firdaposten tidlegare: Du er å rekna som køyrande på ein el-sparkesykkel. Svingar du inn Strandgata frå vest ute i vegbana, så er det akkurat det same som å kome der med bil, køyrande mot fartsretninga i den einvegskøyrde gata. Frå no av kjem vi til å skrive ut forenkla førelegg til dei vi ser gjere dette, og førelegget per i dag er på 5850 kroner, seier Toreid.
Eit anna problem politiet har registrert, er at førarar av el-sparkesyklar tek på passasjerar. Det er også noko du bør droppe, om du ikkje vil bruke pengane dine til å fylle opp statskassa.
– Her kan folk risikere eit gebyr på 3000 kroner for overlast. På vanleg sykkel er det ikkje noko slikt forbod, strekar Toreid under.
– Vi ser at problemet er størst blant ungdom, men vi har også fleire døme på at vaksne ikkje forheld seg til trafikkreglar når dei ferdast på sykkel. Vi kjem til å slå ned på desse også, lovar han.
Til no har problemet vore størst på dagtid, gjerne i tidsrommet rundt storefri på skulane. Då er det mykje folk som ferdast ute, noko som aukar ulykkesrisikoen.
Sjølv om gebyr- og føreleggsverkemiddelet frå no av blir teke i bruk, vil politiet halde fram det haldningsskapande arbeidet sitt.
– Som eg har sagt tidlegare: Vi har ingen innbyggjarar å miste, avsluttar Toreid.
Politiet i Florø aksjonerte mot syklistar i går: – Vi slo ned på heilt horribel køyring