Ei ny undersøking utført av Norstat for Frende Forsikring viser at skitne hotellrom er det som irriterer nordmenn mest når dei er på reise, skriv Frende i ei pressemelding. Nest mest er veggedyr og kakerlakkar.

– Når vi er på ferie har vi lyst å slappe av. Vi vil ha ein rein og fin stad å vere. Eg forstår godt at den suverene «vinnaren» her er skitne hotellrom, rett føre ekle kryp som fort kan møte på deg på tur, seier Heidi Tofterå Slettemoen, kommunikasjonssjef i Frende Forsikring.

I alt svarte 4 av 5 nordmenn at dei er irriterte på forskjellige ting på ferie, men 22 prosent svarte at dei ikkje irriterer seg over noko.

Frende stilte det same spørsmålet til meir enn 1000 nordmenn sommaren 2019, altså før pandemien slo til.

– Den gong var det berre ni prosent som ikkje irriterte seg over noko som helst. I 2022 er talet meir enn dobla, på 22 prosent. Det tyder på at vi trur vi vil tole meir av desse små irritasjonsmomenta når vi endeleg kan reise igjen, seier Slettemoen.

Irritasjonstoppen

1. Skitne hotellrom

2. Veggedyr og kakerlakkar

3. Forseinkingar 

4. Andre nordmenns åtferd på ferie

5. Folk som sparkar i setet på flyet

6. Mygg

7. Fyll

8. Manglande internett

9. Andres barn

10. At reisefølgjet bruker mobilen for mykje

11. Kø for å hente ut leigebil

12. Eigne barn

13. Partnaren

(©NPK)