Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) fortel til Dagbladet at det dreier seg om fire tiltak:
- Forlenging av straumstøtta til bustader.
- Straumstøtte til utsette bedrifter.
- Tiltak som sikrar tilstrekkeleg fyllingsgrad i magasina.
- Ordning der straumeksporten blir redusert automatisk viss magasinfyllinga går under eit gitt nivå.
– Vi jobbar på spreng for å få på plass støtteordningar som sikrar både forbrukar og næringslivet føreseielegheit og berekraftige rammevilkår, seier Aasland.
Han seier ikkje når forslaga blir lagt fram, men TV 2 og VG skriv at regjeringa håpar det kan skje neste veke. TV 2 får opplyst at det kan ta lengre tid.
Regjeringa er under eit stadig veksande press med tanke på å gjere noko med prispresset på straum. SV, Raudt og Framstegspartiet støttar ei hasteinnkalling av Stortinget, noko presidentskapet skal avgjere måndag 8. august.
Tysdag var statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) i møte med ordførarane sine i Sørvest-Noreg der straumkrisa var tema. Også internt i Sp er det misnøye med at regjeringa ikkje har teke større grep. Partiveteran Per Olaf Lundteigen bad tysdag om grep frå regjeringa innan måndag. Også LO har komme med krav.