Gå til sidens hovedinnhold

Dette er status på fjellovergangane

Etter at uvêr har herja i fjella, ser det no ut til å ha roa seg.

Snø, kraftig vind og uvêr har bydd på utfordrande køyreforhold på fjellovergangane i Sør-Noreg dei siste dagane.

No kan det verke som at vêret er på veg til å roe seg. Søndag føremiddag er dei fleste fjellovergangane opne.

Her er status på fjellovergangane, søndag ettermiddag klokka 16.45:

Rv. 13 Vikafjellet: Ope.

E134 Haukelifjell: Ope.

Rv. 7 Hardangervidda: Ope frå kl 16.50.

Rv. 52 Hemsedal: Ope.

Fv. 50 Hol-Aurland: Ope

E16 Filefjell: Ope.

Fv. 53 Tyin-Årdal: Ope. Kan bli stengd på kort varsel.

Rv. 15 Strynefjellet: Ope.

Les også

Dyrt drivstoff i Norge? Det syntest i alle fall firmaet bak dette tjuvtrikset

Les også

To rasvegar nappa ut av NTP. Klakegg: – Frykteleg skuffa

Kommentarer til denne saken