Klokka 16.30 laurdag er stoda som følgjer:

  • Rv. 7 Hardangervidda er stengd. Ny vurdering er måndag klokka 12.00.
  • Fv. 50 Hol – Aurland er stengd. Ny vurdering er søndag klokka 09.00.
  • Fv. 53 Tyin – Årdal er stengd.
  • E134 Haukelifjell har kolonnekøyring.
  • Rv. 52 Hemsedalsfjellet kan få kolonnekøyring på kort varsel.

I tillegg stenger fv. 609 mellom Førde og Askvoll klokka 20.00 laurdag kveld. Den opnar ikkje att før månadag klokka 08.00.

Årsaka er fare for ras i samband med store nedbørsmengder som er venta. Lokalt kan det komme frå 60 til 80 millimeter på 12 timar.

Hald deg kontinuerleg oppdatert på 175.no.