SOGN AVIS: Eit vogntog fekk rapport til skatt for manglande betaling av vektårsavgift. I tillegg fekk førar åtvaring for mindre feil på køyre- og kviletid.

Ein personbil risikerte avregistrering grunna manglande forsikring. Føraren fekk køyreforbod på staden, men forholdet vart ordna opp på kontrollplassen og føraren kunne køyra vidare.

Eit vogntog fekk tekniske manglar på bremsar på trekkvogn og tilhengar. På trekkvogna fann kontrollørane også ein oljelekkasje. Bremsefeilen på tilhengaren førte til at den fekk bruksforbod. Den vart frakta til verkstad for utbetring. I tillegg fekk føraren åtvaring for mindre feil på køyre- og kviletida.

Eit vogntog fekk køyreforbod grunna avrenning frå frosen fiskelast. I tillegg fekk tilhengaren teknisk mangel på bremsar. Føraren fekk køyre til verkstad for utbetring.

Eit siste vogntog fekk også køyreforbod av same grunn. I tillegg fekk semitraileren køyreforbod grunna ein stor skade i eit dekk. Dekket måtte bytast på kontrollplassen.