NETTAVISEN: SSB har lagt fram rykande ferske lønnstal for 2022.
Gjennomsnittleg månadslønn auka med 4,6 prosent frå 2021 til 2022. Det er den høgaste lønnsveksten på mange år – men som tabellen under viser, er det store variasjonar.
– Lønnsveksten i 2022 er den høgaste vi har målt sidan 2008. Likevel fekk vi i gjennomsnitt mindre å handle for i fjor, ettersom prisane auka betydeleg meir, seier seksjonssjef Tonje Køber i ei pressemelding.

86 av 100 på toppen er menn. Dette er kvinnene som tente mest
Heilt i tet
Prisveksten i 2022, målt ved årsveksten i konsumprisindeksen (KPI), var på 5,8 prosent.
Lønnsveksten har auka i dei fleste område, men klart mest i oljebransjen. Månadslønna i oljebransjen auka med hele 7,6 prosent til 82.130 kr. Det er det høgste av alle næringsområda.

Desse tente mest i Sogn og Fjordane
– Høg aktivitet smittar
– Den høge lønnsveksten i oljebransjen skyldast i stor grad at bonusane auka mykje. Det kan nok henge saman med at det har vore eit godt år i bransjen, med høg aktivitet og høgare prisar på olje og gass, seier Tonje Køber i meldinga.
Aller mest tente leiarar i olje og gassnæringa, som i snitt ligg på 119.490 kroner i månaden. Handels- og skipsmeklarar kjem på andreplass med 116.970 kroner i månaden i snitt.
Låg vekst for lærarane
I undervisningssektoren auka lønna berre med 2,3 prosent, som er klart lågare enn dei andre områda.
– Årsaka er lærarstreiken i fjor, som blei avslutta med tvungen lønnsnemnd i september. Mange av dei som jobbar innanfor utdanning har derfor ikkje fått årleg lønnsauke enno, seier Tonje Køber.
Tvisten skal behandlast i Rikslønnsnemda 13. februar 2023.
Her kan du sjå gjennomsnittleg månadslønn for ditt yrke og kor mykje du bør tene. Tala for 2022 ligg i den høgre kolonnen, medan tal for 2021 ligg i den midtre. Tala er brutto månadslønn.