Ein liten lastebil med hengar sperrar fv. 606 ved Nessa mellom Krakhella og Hardbakke i Solund kommune.
– Vogntoget står delvis i grøfta og delvis i vegen, seier trafikkoperatør Jan Audun Marøy ved Vegtrafikksentralen Vest.
Det er ikkje mogleg å passere på staden, og vegen vil truleg bli langvarig stengd, opplyser han.
Bilbergar med ferja
Klokka 14.30 opplyser trafikkoperatør i Vegtrafikksentralen Vest, Tom Erik Englaugstad at bilbergar planlegg å ta ferja frå Rysjedalsvika klokka 16.25.
– Det kan altså ta ei stund før vegen opnar att, seier Englaugstad.
Marøy ber trafikantar om å vere varsame dersom ein skal ut å køyre. Han seier det er svært varierande forhold langs vegane, og ein bør halde seg oppdatert på både veg- og vêrmeldingar.
– Ein må rekne med å bruke lengre tid, og sørg for å ha godt med drivstoff og gode dekk på bilen. Då er mykje gjort, avsluttar han.
Utfordrande
Klokka 19.00 tek Firda ein sjekktelefon for å høyre om framdrifta med bergingsarbeidet. Englaugstad fortel at han har høyrt direkte med bilbergaren på staden.
– Han held på på staden akkurat no. Han har akkurat fått snudd hengaren, og skal køyre den vekk. Men sjølve køyretøyet var det verre med, seier Englaugstad.
Han fortel at bilbergaren skildra jobben som utfordrande, og at det var vanskeleg å fastslå når ein venta å ha fått fjerna lastebilen.
Klokka 21.28 er det meldt at vegen er opna att for fri ferdsel.