Vekas gjest i podkast-studioet til Go Knall er Per Stian Hamar.
Som son av ein bussjåfør som gav seg med 64 års fartstid i Firda billag, så skulle ein kanskje tru at ein slik historie ikkje skulle finne stad i det heile.
Kjeda seg, med skumle planar
Men jo: Vekas gjest dreg altså fram ei historie om ein gong han var med mor si ned på rutebilstasjonen ein kveld medan ho vaska, og han vart som mange barn eit offer for å kjede seg kraftig. Då gjekk tankane til ein rampestrek han lenge hadde pludra på, og akkurat denne kvelden turte han å gå for den.
Kva han gjorde, det vart verkeleg lagt merke til hos Billaget neste dag, og beviset kom for Hamar sjølv allereie på morgonen før skulen. Eller nærare bestemt, så kom det ikkje. For ingen skulebuss dukka opp den dagen.
Høyr historia i podkasten
Høyr historia om då truleg alle bussjåførar i Sunnfjord var så langt frå menn i godt humør som ein kan komme i denne vekas podkast.
Den ser du i videovindauget øvst i saka.
Her kan du sjå tidlegare episodar av Go Knall:
