– Det rette hadde vore å sette ned prisane. Å doble dei er ein rein provokasjon

UMUSIKALSK: Å auke ferjetakstane til det doble midt i ei finanskrise er umusikalsk, skriv ansvarleg redaktør i Firda, Kai Aage Pedersen i laurdagens leiar.

UMUSIKALSK: Å auke ferjetakstane til det doble midt i ei finanskrise er umusikalsk, skriv ansvarleg redaktør i Firda, Kai Aage Pedersen i laurdagens leiar. Foto:

Ansvarleg redaktør i Firda, Kai Aage Pedersen, meiner at å doble ferjetakstane på kysten i den krisa vi no er i er beint fram umusikalsk.

DEL

LeiarDet er mange som ropar ut nauda si i desse koronatider. Bedrifter går over ende, arbeidsløysa er rekordstor, og staten kjem på bana med store redningspakkar for å halde samfunnet gåande. Innimellom alle desse krava om hjelp er det oppstått ein situasjon på øyane langs kysten der innbyggarane er påført eit avgiftssjokk av dei sjeldne. Folk på øyane får altså ikkje hjelp, men ei ekstra og tung økonomisk bør å bere: Vestland fylkeskommune har nemleg bestemt å endre måten dei krev inn ferjebillettar på, noko som kan påføre enkelte familiar fleire titals tusen kroner i auka årlege utgifter. 31. mai kosta det 72 kroner å ta ein bil med ferje ein veg mellom Askvoll sentrum og Atløy. Neste morgon var prisen sett opp til 127 kroner. Bakgrunnen for endringa er at det i framtida berre skal betalast for bilar og ikkje passasjerar på ferjene i Vestland. Betalinga skal skje via Autopass.

Frå eit byråkratkontor i Bergen ser dette sikkert ut som ei effektiv og også rettferdig ordning. Med to-tre passasjerar i kvar bil vil dette bety om lag det same i utgifter til ferja som før. I praksis, ute på øyane, er dette noko heilt anna. For Vegard Støylen og kona, som dagpendlar til Askvoll frå Atløy, betyr dette ein årleg meirkostnad på nesten 23.000 kroner. Dei er begge avhengige av bil for å komme seg på jobb. Og på grunn av turnusjobbing er det sjeldan dei kan køyre i lag.

Slik er kvardagen i distrikta. Kollektivtilbodet er ofte lik null, privatbilen er einaste alternativ for å komme seg på jobb. Og medan resten av samfunnet får store sjekkar frå storsamfunnet for å fart i økonomien att, blir det altså sendt ei gigantisk ekstrarekning til dei som bur i distrikta. Prisauken på ferjene blir med rette omtalt som eit sjokk. Fylkesordførar Jon Askeland frå Senterpartiet bør snarast komme på bana og annonsere ei ny politisk handsaming av saka. Første steg er å gi administrasjonen i oppgåve å greie ut saka på nytt. Dei kan neppe hatt alle fakta på bordet då saksdokumenta vart sendt ut.

I årevis har vi høyrt på sytinga frå bergensarane kvar gong bompengetakstane blir auka med nokre kroner. I Bergen har dei eit godt utbygd kollektivtilbod og bør difor finne seg i å betale ekstra for å bruke privatbil. I Atløy og på Værlandet derimot, er ferja det einaste transportmiddelet ein kan løyse billett på. Midt i ei finanskrise er det svært umusikalsk påføre folk på øyane ei slik ekstrarekning. Det rette hadde vore å redusere prisane, å bortimot doble dei er rett og slett ein rein provokasjon.

Artikkeltags