«Kanskje har vi vært så opptatt av hva jenter og kvinner kjemper for at vi har tenkt for lite på guttene», sa Camilla Stoltenberg til Dagens Næringsliv då utgreiinga om kjønnsforskjellar i skuleprestasjonar vart lagt fram i byrjinga av februar.

På 250 sider har utvalet ho har leia gjeve ei framstilling av kva som kan vere årsaka til at så mange fleire gutar enn jenter gjer det dårleg på skulen, og gjort framlegg om tiltak som kan bøte på dette.

Stoltenberg-utvalet er tydeleg på at det ikkje finst nokon «quick fix» på problemet, og at det trengst meir forsking som kan gje styresmaktene betre grunnlag for å setje i verk tiltak som vil verke. Difor er det ikkje sikkert at det vert obligatorisk heildagsskule for alle elevar på 1.–4. trinn, eller at det kjem forsøk med fleksibel skulestart, slik fleirtalet i utvalet rår til. Kunnskapsminister Jan Tore Sanner har fått mykje å gruble på før han eventuelt lanserer «gute»-reformer i skuleverket.

Camilla Stoltenberg har måtta svare på om det eigentleg er så mykje å bekymre seg for at gutar flest gjer det dårlegare på skulen enn jentene; «dei har jo klart seg bra likevel». Slik har det vore, svarar ho, men den arbeidsmarknaden mange skulesvake gutar har kome inn i er i ferd med å forsvinne. Krava til formell kompetanse vert difor mykje viktigare i åra som kjem. Stoltenberg understrekar at det vil gjelde like mykje for yrkesfag som for akademiske fag.

Som leiar i ei bransjeforeining med eit opplæringskontor som i all hovudsak rekrutterer gutar til ei utdanning innan bygg og anlegg, er eg glad for at forbetringar i fagopplæringa får stor merksemd i utgreiinga. Utvalet peiker på at gutar, på grunn av manglande kunnskap og svake karakterar, særleg er utsett ved overgangen frå grunnskulen til vidaregåande opplæring.

Valmognaden i 15-årsalderen er svakare mellom gutar enn jenter. Difor kan det vere ein god idé å gje dei som har trong for det tilbod om eit «utforskande» skuleår etter grunnskulen. Utvalet anbefaler også ei utgreiing av ei nedre karaktergrense for opptak til studiespesialisering; for å unngå at teorisvake elevar startar på ei utdanning dei med stor grad av sikkerheit ikkje vil meistre.

Stoltenberg-utvalet meiner det er ein veikskap ved fagopplæringa at ikkje alle som fullførar Vg2 yrkesfag får læreplass. Det er vanskeleg å vere usamd i det. Men når utvalet meiner problemet kan løysast med lovfesting av rett til læreplass, vert eg usikker.

I 2018 var det nesten 30.000 som søkte læreplass i Norge. 74 prosent av dei fekk kontrakt, som er rekord. Men variasjonane mellom faga er store. Bygg- og anleggsteknikk hadde størst vekst i talet på søkjarar, og vart òg med 85 prosent inngåtte kontraktar «vinnar» mellom yrkesfaga.

I motsett ende på statistikken låg media og kommunikasjon og service og samferdsel. I desse faga fekk høvesvis 43 prosent og 64 prosent av søkjarane læreplass. Korleis lovfesting av rett til læreplass skal skje i praksis er i seg sjølv ei gåte, men den viktigaste innvendinga mi er at det vil kunne føre til at mange tek utdanning i fag det vil vere liten etterspurnad etter i samfunnet.

Når bygg- og anleggsteknikk no er det faget som tilbyr flest søkjarar læreplass, skuldast det at verksemdene ser på lærlingar som naturleg og naudsynt for eiga rekruttering av fagarbeidarar. Dessutan har offentlege byggherrar dei seinare åra medverka positivt, som følge av at det i anbodskonkurransar vert stilt krav til tilbydarane om at lærlingar skal ta del i gjennomføringa av prosjekta.

Vi skal gjere vårt for at endå fleire som ynskjer læreplass i bygg- og anleggsfaga faktisk får tilbodet. Stoltenberg-utvalet har fleire gode framlegg som kan bidra til det, mellom anna auke i tilskotet verksemdene får for å gjennomføre den praktiske opplæringa.

Elevar som får læreplass er gjennomgåande tilfredse med organisering og gjennomføring av læretida. Her legg dei grunnlag for eit yrkesliv der dei får brukt evner og ferdigheiter–og får òg løn for strevet. At jobben så vel private verksemder som offentlege føretak gjer for lærlingane sine er god, vert dokumentert ved at det på landsbasis (skuleåret 2017–2018) var 93 prosent som fullførte fag- og sveineprøva med karakteren «bestått» eller «bestått svært godt». Ifølge Utdanningsdirektoratet var det minimale skilnader i andelen gutar og jenter som bestod prøva.

At gutar er overrepresentert på fleire negative statistikkar er ei overordna utfordring som av Stoltenberg-utvalet vert gjort greie for på ein god måte. Problemet har openbert auka i takt med lågare prioritering av praktiske ferdigheiter i grunnskulen, eit lengre og meir teoretisert skuleløp og færre ufaglærte jobbar å gå til.

Røynslene frå vår mannsdominerte bransje er at det går bra med gutane våre–når utdanninga vert lagd til rette i høve til den einskilde sine premissar og ikkje behov, ikkje minst etter at dei har kome seg over i praktisk lære i ei verksemd.