«Takk for alt.» Det kunne stått på ein krans i Johnny si gravferd. I staden fekk han sagt det til dei som redda livet hans.
Du har vore så flink. Tusen takk, Martin!
– Det er vanskeleg å setje ord på. Det er så fantastisk det de gjorde
Bilen parkerer ti meter frå der båten køyrde på land. Johnny stig ut frå passasjersida. Han held seg til ribbeina og skjer grimasar av smertene. Det er tre veker sidan båtulykka. Han er klar til å møte dei som redda livet hans.