Det er på tide at bygdene samlar seg til ein felles dugnad for Bergen. Dei treng oss meir enn nokosinne. Bryggen, Bybanen, dei sju fjell, fotballklubben Brann, og ikkje minst dei litt merkelege men likevel sjarmerande folka.

For ikkje å snakke om buekorpsa.

Vi må samle oss rundt alt dette. Folk i Bulandet og i Viksdalen. I Vadheim og på Sande. Hopp av traktoren og legg vekk høygaflane for ei stund. No er det andre ting som hastar.

Bergensarane treng oss!

For det står dårleg til. På nokre område skrapar dei verkeleg botnen:

Er du til dømes flink til å synge, er det meir enn nok til at du susar inn i toppolitikken med god betaling. Eduardo Andersen, eller Doddo som dei kallar han, har vorte kulturbyråd. Ingen såg den komme, men i selskap med dei andre i Bergen rådhus er han ganske flink. Det er han som har fronta det nye geniale tiltaket som skal løfte byen til nye høgder:

No skal dei betale studentar som melder flytting til byen 2000 kroner.

– Eg representerer Bergen, så får Trøgstad finne sine representantar, seier Doddo til NRK når dei spør kva han tenker om småkommunane som taper pengar på at dei unge innbyggarane deira melder flytting til Bergen.

Bergen kan ikkje lenger stå med lua i handa når direktorat skal flyttast, når skattepengar skal fordelast, og når statsrådskabalar skal leggast i Oslo.

Firda-redaktør Kai Aage Pedersen

Doddo får støtte frå politisk redaktør Sølve Rydland i Bergensavisen. Han har fleire gonger skrive at bergensarane må skjerpe seg og kjempe for seg sjølve.

Eg er sjølvsagt 100 prosent einig. Bergen kan ikkje lenger stå med lua i handa når direktorat skal flyttast, når skattepengar skal fordelast, og når statsrådskabalar skal leggast i Oslo. Det må rett og slett bli slutt på denne hjelpeslausheita. Rett opp ryggen og rop høgt så heile landet høyrer: Bergen treng hjelp! No!

Pass på så ikkje eit buekorps går forbi når de ropar, då er det ingen som høyrer.

For ein gongs skuld tenker eg også at Sunnfjord-ordførar Jenny Følling kunne lagt godviljen til, men nei. Ho er svært kritisk til det Doddo og co. har funne på. Til NRK seier ho at bergensarane sin måte å kjøpe innbyggarar på er ein utidig og aggressiv politikk.

Jenny Følling har ikkje forstått alvoret trass i at ho har vore mange nok gonger i Bergen til å forstå. Dette er verken utidig eller aggressivt, men ei utstrekt hand til ein by som slit med sjølvbildet.

Kva med ei pengeinnsamling? Er det for seint å foreslå at NRK sin innsamlingsaksjon i haust går til å få Bergen på fote att? Det trur eg kunne vore bra. Ein heil søndag med reportasjar på NRK1 der folk i heile landet får sjå desse stakkarane som ikkje får det til. Musikalsk innslag ved Doddo: «Vi va så god at det nesten ikkje gjekk an.»

Men det var før. Og no treng dei hjelp. I Bergen. I Norges nest største by. Dei som ein gong var så stolte.

Kom an, folkens! Tøm lommebøkene.

Dei første millionane kan gå rett i potten for å kjøpe studentar. Så får vi finne nye tiltak etter kvart. Det blir ein tøff jobb som krev at alle vi ute i dei små bygdene i Vestland fylke trakkar til. Eg skal gjere mitt. Neste gong eg skal til Bergen skal eg handle på Torgalmenningen, ikkje på Knarvik senter slik eg pleier. Kanskje kjøper eg eit sokkepar eg eigentleg ikkje har bruk for.

Det gjer noko med sjølvkjensla å vere litt raus. Då får eg sove godt den natta, på hotellet eg skal bu på, i Bergen.

Viss alle gjer litt, slik som meg, blir dette bra. Til slutt!