– Det er ikkje Nils Myklebust og Senterpartiet vi skal gjere til lags, det er innbyggarane i Kinn kommune

Ola Teigen vil ikkje kommentere Senterpartileiar Nils Myklebust sine personkarakteristikkar etter at det nye fleirtalet i Kinn vart presentert tysdag, men er klar på at Senterpartiet har fått tillit heile vegen, men at dei ikkje forvalta denne godt nok.