Førde har eit unikt kunstverk i Laksen, Førde vil vere kulturby med internasjonal festival, Førde vil vere sykkelby. Det er noko som skurrar når ein ser på dei planane som no vert sett i verk. Statens vegvesen bryr seg ikkje om kunstverk, dei bryr seg ikkje om kultur og festival, trur og dei bryr seg lite om miljø.

Det vert øydelagt mykje her no med fjerning av laksen, bilbru Hafstad - Førdehuset, og brei bilveg over Løken.

Om det vart gangbru over elva ved Hafstadparken ville ein få eit godt og sikkert miljø for dei som vil bruke Hafstadparken og Førdehuset. Det vil knyte desse to anlegga fint saman, og ikkje minst øydelegge minst mogeleg av både fotballbane og kunstverk. Løken skulle skjermast for padlarar, men no vert det bygd bilveg over våtmark med fugleliv som tidlegare ikkje måtte uroast. Logikk?

Det er rett og slett ei tragedie som no skjer i Førde sentrum. At folket protesterer ser ikkje ut til å bli teke omsyn til, verken av politikarar eller Vegvesen.

Politikarane som skal representere folket ser ikkje ut til å hugse det.

Det er rart dette med valflesk, store ord og "ete med dei store". Ein gløymer fort.

Les også

Kunstverket Laksen må sparast

Les også

La Laksen på Festplassen i Førde vere i fred