Hydro, Eviny og Zephyr vil bygge 50 vindturbinar i fjellheimen mellom Sunnfjord og Høyanger.
På presentasjonen i Høyanger la både Hydro og Eviny ein god del vekt på at det allereie var vegar i området.
Men i presentasjonen som blei presentert til pressa er det tydeleg teikna inn eit planområde. På det same kartet er den einaste vegen som fins i nærleiken teikna inn med raudt. Den ligg, som ein ser, ikkje i planområdet. I planområdet fins det ikkje ein meter veg.
Kort fortalt betyr dette at det må byggast vegar i planområdet for å kunne bygge ut prosjektet.
Både Hydro og Eviny er ueinige i at dei har vore misvisande i korleis dei har presentert prosjektet. Sjå svara deira under.
– Er det misvisande?
Firda har snakka med John Eckhoff som er kommunikasjonssjef i Hydro.
– Poenget er å vise at det må byggjast vegar, og at det er vegar i området, seier Eckhoff.
– Er det misvisande å skrive at det er vegar i området?
– Om det er misvisande må vere opp til den som ser kartet og les teksten. Vi har meint dette for å vise området. Det er vegar i området, vi skriv ikkje at det er vegar i planområdet, seier Eckhoff.
– Men det kan oppfattast misvisande at det står at det er vegar i området når det faktisk ikkje er det?
– Det er vegar i området, og vi skriv ikkje at det er vegar i planområdet, seier han.
Eviny sa det same
Også Eviny som er med på prosjektet har sagt at det er vegar i området.
Dette sa Eviny til Bergens Tidende:
– Det gjer vondt å bruke natur, uansett kva for ein energiteknologi det er snakk om. Her dreier det seg om et fjellområde mellom regulerte vann. Det finst også allereie vegar og kraftlinjer inne i området, sa konserndirektør Olav Osvoll i Eviny Fornybar AS til Bergens Tidende den 19. desember.
– Er det misvisande å seie at det er vegar i området?
– Nei, vi har sett på det geografiske området, og det er vegar der. Poenget er at når du leitar etter eit område der det er mogleg å bygge vindkraft, så ser ein etter eit område der ein mister minst mogleg urørt natur. Og det er allereie bygd ut vasskraft i området, seier Osvoll til Firda.
– Om det er misvisande? Vi har valt eit område som har inngrep som følge av vasskraftutbygging frå før. Det er regulerte vatn i planområde, det er ein veg rett sør for planområdet og det er kraftlinjer i det same fjellområdet, legg han til.

Vindkraftverk eller ikkje på Snøheia? Sjå kva partitoppane i Sunnfjord seier

– Vi trur at mange som ikkje har så sterke meiningar ser fordelane med vindkraftutbygginga
