I det siste har politikarane i Sunnfjord blitt utfordra på korleis vi skal løyse helse- og omsorgsbehova for den aukande gruppa av eldre. Det er lett å peike på inkompetente, viljelause og feige politikarar som ikkje evnar å ta innover seg utfordringane. Politikarar som ikkje bryr seg om eldre, og som ignorerer at vi blir stadig fleire eldre. Det kan vere freistandeå tilby kortsiktige løysingar til frustrerte og urolege innbyggarar.

Forslag om å berre flytte pengar til omsorg er forførande. Pengar i seg sjølv er enkle å flytte, men konsekvensen kan lett bli at vi i jakta på raske løysingar kastar vekk det som er nøkkelen til suksess. Nøkkelen er å sjå heilskapen, sjå ting i samanheng og sette inn tiltak på fleire område.

Det er mange kampar som skal kjempast i Sunnfjord kommune dei kommande åra om vi skal lykkast med å utvikle kommunen til det beste for både noverande og framtidige innbyggjarar. Vi skal tilby gode omsorgstenester til alle dei som vil trenge det dei kommande åra, men for å lukkast må vi ha nok folk som kan og vil arbeide med å levere desse tenestene. Det verste vi kan gjere framover er å alltid sette oppvekst og kultur opp mot omsorg. Gjer vi det, taper vi begge kampane. Kunsten vert å finne balansen mellom dei.

Alderssamansetninga i Sunnfjord endrar seg framover, på lik linje med alderssamansetninga i landet for øvrig. Vi blir fleire eldre, fødselstala er forventa å gå nedover og det blir færre innbyggjarar i yrkesaktiv alder. Dette har vore tema sidan Sunnfjord kommune vart etablert og bør ikkje komme overraskande på nokon.

Vi har tatt omsyn til dette i både økonomiplan og budsjett. Vi har ikkje løyvd alle pengane sektoren har bedt om, men omsorg er det området som i kampen om knappe ressursar fått mest på driftssida. No må vi også løfte på investeringssida.

Vi må auke talet på heildøgns omsorgsplassar. Dette må vi gjere ved å byggje ein ny institusjon i Førde innan 2030 og ved å byggje fleire omsorgsbustader og tilrettelagde buformer også i andre tettstader i kommunen.

Vi må legge til rette for at dei som ønskjer det skal få lov å bu heime eller nær heimstaden sin så lenge som mogeleg. Det må vi gjere ved å styrke heimetenestene og å lage omsorgsbasar i tettstadane. Vi må også legge til rette for gode bufellesskap og møteplassar, t.d. kollektiv med fellesrom og seniorburettslag.

Vi må sikre at vi har tilgang på nok arbeidskraft til omsorgssektoren. Vi må finne ut kva som skal til for å få folk til å stå lenger i stillingane og å ha større stillingsprosentar. Her må vi sjå på bemanningsnorm, turnusplanlegging og oppgåvefordeling. Så må gjere det vi kan for å sikre tilflytting til alle delar av kommunen. Då må vi ha gode skular og barnehagar, differensiert tilbod av bustader og gode kultur- og idrettstilbod.

Så må vi heller ikkje gløyme at «eldrebølga» ikkje er ei homogen gruppe der alle har same funksjonsnivå og omsorgsbehov. Denne gruppa er like lite homogen som aldersgruppa 20–60 år. Det å ruste kommunen for at det skal vere mogeleg å differensiere tilboda for aldersgruppa 67 år og oppover er essensen i det vi må planlegge for framover. Nokre er skrale til beins, nokre er demente, nokre er einsame og nokre ønskjer framleis å arbeide. Det treng vi. Vi må ha rom for – og tilbod til alle.

Men – vi treng fleire innbyggjarar også i yrkesaktiv alder i Sunnfjord og vi treng fleire barn. Vi treng det for å oppretthalde skular og barnehagar, vi treng det for å ha nok folk til å løyse oppgåvene i omsorgssektoren, og vi treng det for at næringslivet skal utvikle seg. Då kan vi ikkje framover berre flytte pengar frå oppvekst, kultur og idrett og berre satse på omsorg. Vi må finne balansen.

Les også

– Ta vare på Hafstadparken

Les også

Den som teier, samtykker

Les også

Sunnfjord kommune og Grunnloven

Les også

Gode folkevalde: De lovar oss ei endå betre eldreomsorg. Korleis vil de få det til?

Les også

– Vi kan ikkje vente med å gi ei god eldreomsorg

Les også

– Bruk Hafstad vidaregåande skule til eldresenter

Les også

Omsorgsplanen – draumen som brest?