– Det blir mykje vêr!

ÅRSAKA: Dette stormsenteret er på veg mot Norge. Difor blir dei neste dagane grå i stort sett heile landet, men Vestlandet må ta den verste støyten, seier meteorologen.

ÅRSAKA: Dette stormsenteret er på veg mot Norge. Difor blir dei neste dagane grå i stort sett heile landet, men Vestlandet må ta den verste støyten, seier meteorologen. Foto:

Nedbøren tek ikkje ferie dei neste dagane heller.

DEL

– Det er greitt å vere litt obs, for det blir mykje vêr, seier meteorolog Anne Solveig Andersen.

Dei kommande dagane vil bestå av regn, snø, sludd, kraftig vind og kanskje også tore. Meteorologane har sendt ut gult farevarsel om sterk vind frå sør-vest fredag.

– Vi ventar vindkast mellom 27 – 33 m/s utsette plassar. Det gir snøfokk i fjellet fordi det også er venta mykje snø, seier Andersen.

Snøgrensa vil gå opp og ned ut helga, men den kan krype heilt ned til 200 meter torsdag kveld.

Laurdag er det også sjanse for snø og sludd i indre strok. Då må ein også vere obs for torevêr. Det er også meldt om betydeleg snøskredfare i Indre Sogn og - Fjordane i helga.

– Eit varierande vêr rett og slett.

Søndag og første del av måndag får vi lettare vêr, før det igjen er venta nedbør.

REGN: Det blir ei regnfull helg på kysten, som her i Askvoll, medan indre strok kan få nedbør som snø og sludd.

REGN: Det blir ei regnfull helg på kysten, som her i Askvoll, medan indre strok kan få nedbør som snø og sludd. Foto:

Artikkeltags