– Vi hadde ørlite panikk ei stund, seier Per Øyvind Storevik i Førde IL.

Til helga sparkast Førde cupen i gang for 25. gong og no kan endeleg arrangørane sleppe litt på skuldrene. Det har vore mykje som skulle gå i orden for at denne cupen skulle bli arrangert.

– Normalt så brukar vi Førde ungdomsskule til overnattingsplass for laga, medan vi brukar kjøkkenet der for å lage mat. Men på grunn av brannen der så har ikkje det vore mogleg, seier Storevik.

Difor måtte dei snu seg om. Overnattingsplass vart ordna og no får dei tilreisande laga bu på Hafstad vidaregåande skule og Førde Barneskule.

– Det betyr at vi får ein veldig fin og intim cup, med berre tre-fire minutts gonge frå overnatting til kamparena, seier han.

– Hadde ikkje gått utan dei

Så var det spørsmålet: korleis ordne med matservering?

– Førde Cup er godt kjent for god mat og når vi ikkje kunne bruke kjøkkenet på skulen og kokken vi har hatt i 10 år har blitt sjuk, blei det litt trøblete for oss, seier han.

Då tok Førde IL kontakt med Coop Nordvest.

– Utan dei hadde dette nesten ikkje gått. No flytter vi all matservering til Festsalen i Førdehuset og Coop Kafeen stiller med tre varme måltid gjennom helga, seier Storevik, som også fortel at fleire frivillige har bretta opp ermane for å få ting til å gå rundt.

– No har det endeleg løyst seg og vi kan senke skuldrene litt.

331 kampar på tre dagar

Påmeldinga til årets cup har også gjort kampoppsettet litt komplisert. 131 lag er påmelde og det er lag frå Bergen til Ålesund.

– Vi deler klassane inn i fire, då blir det lett å sette opp kampoppsettet, men blir det oddetal i blir det litt meir komplisert, seier Førde IL- leiaren.

Til saman er det 331 kampar som blir spelt denne helga frå fredag klokka 18.00 til finalane som begynner frå 15.30 søndag ettermiddag. Dei fleste av kampane føregår i Førdehuset, men på grunn av mengda kampar har dei vore nøydde å ta i bruk ein hall til.

– Nokre kampar på laurdagen vil bli spelt i Halbrendshallen, seier han.