Destruktiv journalistikk

Terje Ulvedal er kommunikasjonssjef i Helse Førde.

Terje Ulvedal er kommunikasjonssjef i Helse Førde. Foto:

Av

– Så kan vi håpe at lokalavisa i framtida klarer å drive litt meir konstruktiv journalistikk, og at dei medarbeidarane som er der klarer å unngå covid-19-smitten, skriv kommunikasjonssjef i Helse Førde.

DEL

Lesarbrev

Medan hundrevis av tilsette på Nordfjord sjukehus og i Helse Førde elles arbeider hardt for å hindre smittespreiing, finn Firda det opportunt å prøve å så splid på den største arbeidsplassen i Sogn og Fjordane.

«I ei internmelding i Helse Førde vert dei tilsette skulda for brot på avstandsreglane», skriv avisa i ein artikkel på nettsidene. Slike oppslag er ikkje eit resultat av kritisk eller undersøkjande journalistikk rundt helsevesenet, det er ikkje noko anna enn brønnpissing.

Vi er usikre på kor mykje journalisten veit om det smittevernarbeidet som i desse dagar pågår i norske sjukehus, og om arbeid i sjukehus generelt. I avishuset Firda er det etterkvart kanskje kutta såpass mykje i bemanninga at det er god plass mellom pultane. Under slike forhold blir det lett å halde avstand. Slik er det ikkje på sjukehuset. I sjukehuset er det tett og ofte trongt mellom menneske, og svært krevjande å til ei kvar tid halde den nødvendige avstanden. Men våre tilsette jobbar hardt for å klare det.

Nokre gonger er det faktisk nærast umogeleg å praktisere dette slik det er ønskjeleg, og difor er det naudsynt for våre leiarar å regelmessig minne våre tilsette om å innrette seg slik at avstanden blir halden. Dette er ikkje å «skulde» nokon for noko, det er ei påminning om kor viktig dette er og ei oppmoding om å halde avstand for å unngå smittespreiing i sjukehuset. Dette er arbeidsgjevar si plikt i den rådande situasjonen.

Så kan vi håpe at lokalavisa i framtida klarer å drive litt meir konstruktiv journalistikk, og at dei medarbeidarane som er der klarer å unngå covid-19-smitten.

God betring!

Les også: Testa 207 for korona onsdag

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags