Måndag skreiv Firda om ei infotavle i Askvoll som skal informere bilistar om stengd fylkesveg. Brukarar av vegen, mellom anna ordførar i Askvoll, Ole André Klausen, kunne fortelje at dei ikkje har sett skiltet vore bruk nokon gong.

Vestland fylkeskommune, som har ansvaret for fylkesvegane, svarte med at dei har opplevd fleire utfordringar med tavlene. Tavlene er avanserte maskiner og har tidlegare vore kopla til mobilnettet. Etter at tavla i Askvoll vart kopla til fibernettet i fjor sommar kan ein forvente større stabilitet enn det har vore.

Men at infotavlene som regel står blanke har ei anna forklaring enn tekniske problem. Les kva forklaring fylkeskommunen gir lenger nede i saka.

Opplever fleire utfordringar med tavlene

Fleire har tipsa Firda om infotavla på Moskog som mellom anna skal informere bilistar om fylkesveg 613 over Gaularfjellet er stengd. Infotavla står blank og nokre meter unna står eit mindre infoskilt.

Langs fylkesveg 610 mot Viksdalen frå Sande er det også plassert ei friteksttavle. Erlend Brede Fossen passerer dette skiltet i snitt ein gong i veka og kunne for første gong på måndag fortelje å ha sett tavla i drift.

– Eg har aldri sett noko på tavla før i går, seier Fossen til Firda på tysdag.

Fylkeskommunen har ansvar for at infotavlene er operative. Sigbjørn Rabbe, leiar for elektro i Vestland fylkeskommune, kan fortelje at dei opplever fleire utfordringar med tavlene.

– Mange av dei ligg vanskeleg til med tanke på kommunikasjon og det tek tid å få kopla dei opp mot fibernettet, seier han.

Blanke tavler er normalt

Derimot kan Rabbe opplyse om at det ikkje er meininga at det alltid skal vise tekst på tavlene.

– Dei er som oftast i bruk ved spesielle tilfelle, som for eksempel ved stenging av veg på grunn av uvêr og ras. Formålet er å vise til omkøyringar i slike tilfelle, opplyser han.

Normalt sett er det altså ikkje tekst på tavlene. Vinterstenging av Gaularfjellet, for eksempel, vil ikkje stå på desse tavlene, men blir informert om via anna skilting.

– Det er Vegtrafikksentralen som bestemmer kva tavlene skal vise, og dei har nok ikkje som mål å ha dei ståande på heile vinteren, fortel Rabbe.