Juryen si grunngjeving kjem i ei pressemelding frå Solund kommune. Grunngjevinga er som følger: Vinnar av årets Solundpris har vist særskilt evne til nyskaping og utvikling av eksisterande verksemd.

Bedrifta har med sin eksistens bidrege til positiv utvikling av lokalsamfunnet og utnytting av lokale resursar og føremoner. Bedrifta er flink til å promotere Solund og sette kommunen på kartet.

Bedrifta må reknast som ei familiebedrift, grunnlagde vart lagt tidleg på åttitalet av då framstormande ungdommar. Dei har heile tida sett framover, sett moglegheitene, stadig fornya seg og på den måten vist veg for andre.

Neste generasjon har no meir eller mindre teke over og satsar friskt med nybygg som snart blir levert.

Juryen har i år bestått av Julie Vårdal Heggøy, Idar Vaulen og Rolf Eide. Juryen vil takke for gode innspel til Solundprisen, det var mange sterke og verdige kandidatar å velje mellom.

Ordførar Gunn Åmdal Mongstad delte ut prisen. Tom Færøy og Hans Gåsvær tok imot prisen på vegner av Barstein AS.

Solundprisen er oppretta av Solund kommune, Sparebanken Sogn og Fjordane avdeling Solund og Solund Næringssamskipnad, og er ein kombinasjon av ein gjenstand og ein pengesum til ein verdi av 15.000 kr.

Tidlegare vinnarar:

  • 2000: Båtsmia/ v Færøy og Myhr
  • 2001: Øybygg AS
  • 2002: Litle Færøy Kystkulturlag
  • 2003: Sonja og Birger Hjønnevåg
  • 2004: Sulefisk AS
  • 2005: Snella Kystsaum DA
  • 2006: Torbjørn og Inger Nessen
  • 2007: Einar Bontveit
  • 2008: Nord Solund Fiskeriselskap AS
  • 2009: Vidar Hop
  • 2010: Otto og Laila Einen
  • 2011: Solund Verft AS
  • 2012: Rolf Eide
  • 2013: Lending Rederi AS
  • 2014: Hallstein og Doris Steinsund
  • 2015: Kari og Hans I. Steinsund
  • 2016: Lambrechts Eftf. A/S Nåra
  • 2017: Nina Bauge og Tom Erling Bahus
  • 2018: Selstad AS
  • 2019: Solundmat AS
  • 2020: Lågøy Slip AS
  • 2021: Heidi Sanden