– Neste halvår vil eit stort tal byar og kommunar i mellom anna Møre og Romsdal, Trøndelag, Vestfold og Telemark og Vestland få 5G frå Telia med høgare hastigheiter, mykje betre kapasitet og ikkje minst god dekning, seier administrerande direktør i Telia Norge, Stein-Erik Vellan i ei pressemelding tysdag.
I dag er det berre området rundt Flokeneset, rundt Flekke og deler av Storebru som har 5G-tilgang.
Planen var oppstart i november, men hittil har berre to husstandar fått 5G
For å ta i bruk 5G-nettet treng du et mobilabonnement frå Telia, presiserer mobilleverandøren. Telia moderniserer samstundes 4G-nettet parallelt med 5G-utbygginga, noko som betyr at hastigheita og dekninga på 4G blir betydeleg betre, samtidig som kapasiteten meir enn doblast.
– Dei med 4G-telefon vil merke ei betydeleg betre brukaroppleving, så 5G er noko som kjem alle nordmenn til gode, avsluttar Vellan pressemeldinga.
Desse kommunane får 5G frå Telia:
- Sunnfjord.
- Kinn.
- Gloppen.
- Askvoll.
- Fjaler.
- Gulen.
- Hyllestad.
- Høyanger.
- Solund.
- Bremanger.
- Aurland.
- Luster.
- Lærdal.
- Sogndal.
- Stad.
- Stryn.
- Vik.
- Årdal.

Viljam skal selje pizza frå heimebygd matvogn: – Her måtte eg tenke litt utanfor boksen

Bubil og motorsykkel kolliderte på E39
