Gå til sidens hovedinnhold

Desse laksefiletane frå Coop blir trekte etter funn av listeria

Coop trekkjer laksefilet som blir seld i 600-grampakningar med best før dato 30.08.2021 fordi det er påvist listeriabakteriar i fisken.

Kundar som har kjøpt laks naturell eller med sitronpepar som går ut 30. august, blir oppmoda til å levere laksen tilbake til butikken slik at dei kan få igjen pengane.

Listeria-bakteriane vart oppdaga i ein rutinekontroll av oppdrettsanlegget.

– Bakteriane vil døy om kundane varmebehandlar produktet slik dei skal. Om ein ikkje varmebehandlar det tilstrekkeleg, eller kjøkkenhygienen ikkje er god nok, så kan ein bli sjuk. Vi ønskjer å vere føre var og går derfor ut med ei tilbaketrekking, seier kommunikasjonssjef Harald Kristiansen i Coop Norge.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken