Digitaliseringa av samfunnet går i rekordfart, dermed er IT-kyndige personar ei svært ettertrakta gruppe i arbeidslivet. I Førde har IT-utdanninga god søknad.
Det skriv Høgskulen på Vestlandet i denne pressemeldinga.
IT-faga fossar fram ved Høgskulen på Vestlandet i år. Dette gjeld både faga informasjonsteknologi og dataingeniør, der IT har ein vekst på heile 49 prosent i førstevalssøkarar. Denne trenden ser vi også i Førde. Andre institusjonar i landet opplever derimot ein nedgang, så her skil HVL seg ut.
– Det er svært gledeleg at desse studieretningane slår så godt an, for det er ekstremt stor etterspurnad etter denne kompetansen i samfunnet rundt oss, seier dekan ved Fakultet for ingeniør- og naturvitskap, Jens Kristian Fosse.

Frida (23) har valt ein yrkesveg som få andre vel: – Trivst veldig
Populære kandidatar i arbeidslivet
Datafaga utmerker seg med ei sterk arbeidslivsretting. I Førde, til dømes, har IT-studiet eit tett samarbeid med lokale bedrifter og næringsliv. Alle studentane er garantert jobbintervju og ei rekkje bedrifter har reservert deltidsjobbar eksklusivt for dei som er student ved teknologiutdanninga i Førde gjennom Studentjobb-prosjektet.
Blant bedriftene som HVL har hatt eit tett samarbeid med, er Tibber – verdas første digitale straumselskap, som hjelper folk til å bruke mindre straum gjennom ein app og smart teknologi.

Linn Hege fekk gjæv kåring: – Stolt og audmjuk
– Tibber har allereie hatt stor glede av kandidatar frå Høgskulen på Vestlandet sin nye IT-linje i Førde. Fleire har hatt sommarjobb og studentprosjekt, noko som har leia til fast jobb. Vi ser med stor glede at søkjartala til studiet går opp, og står klare til å tilby nye studentjobbar, prosjekt og faste jobbar for dei som kjem ut av studiet, seier Edgeir Aksnes, administrerande direktør og grunnleggar av Tibber.
Sikra seg fast jobb før enda studium
Mads Henrik Sørbø (32) frå Eikefjord går tredje året på informasjonsteknologi i Førde. Før han starta på siste semester, har Mads allereie sikra seg fast jobb i firmaet Norse Feedback, eit helseteknologiselskap som lagar kartleggings- og samtaleverktøy innan psykisk helse. Det Førde-baserte firmaet er i vekst.
– Eg byrja der i ein sommarjobb i fjor og heldt fram i praksis under studiane. Då praksisen var ferdig, fekk eg tilbod om deltidsjobb. I juli byrjar eg i fast stilling. I Norse skal eg jobbe med utvikling og testutvikling, og det er draumejobben! seier Sørbø.

Utviklar digitalt verktøy som fangar opp fødselsdepresjon tidlegare
Nedgang for sjukepleie, men framleis populært
Høgskulen på Vestlandet er blant dei største utdanningsinstitusjonane innan sjukepleie. I likskap med resten av landet er det i år stor nedgang i talet på søkarar til denne utdanninga.
– Likevel har vi godt med søkarar som har valt sjukepleie som førsteprioritet, og vi kjem til å fylle studieplassane. Sjukepleie har alltid hatt lange ventelister, så no er ventelistene berre litt kortare, fortel dekan ved Fakultet for helse- og sosialvitskap, Randi Skår.
I Førde er det 132 førstevalssøkarar til 84 plassar til hausten. På våropptaket blir plassane også fylte med god margin.

SV ønsker å avvikle dagens eksamensordning. Elevar i Førde meiner det er ein god idé
Pandemien har vore med på å sette lys på sjukepleiarmangelen i samfunnet, og innan felt som sjukepleie til akutt kritisk sjuke. Kunnskapsdepartementet har difor pålagt utdanningsinstitusjonane å opprette fleire studieplassar innan grunnutdanninga i sjukepleie, og ved HVL kjem det 40 nye studieplassar neste år, fordelt ut over fire campus. Desse blir det ingen problem å fylle.
I tillegg er det ein betydeleg auke i søknaden til masterutdanningane i spesialsjukepleie. I Førde finst det spesialutdanningar innan operasjonssjukepleie, anestesisjukepleie og avansert klinisk allmennsjukepleie.
Færre vel ingeniørfaga
I Førde finst det tre ulike retningar innan ingeniørfag: automatisering med robotikk, bygg og elkraftteknikk. Desse tek opp studentar både gjennom Samordna opptak og gjennom lokalt opptak. Det spesielle med desse linjene er at det finst ulike vegar inn i desse ingeniørstudia. For dei som treng å betre realfag- og mattekarakterar frå vidaregåande skule, finst tresemester-ordninga. For folk med yrkesfagleg bakgrunn, finst Y-vegen. Dermed når utdanningane i Førde ut til fleire ulike grupper utanom dei som kjem rett frå vidaregåande.
Dei tre ingeniørutdanningane går alle noko tilbake i førstevalssøkarar.

Emily (17) vil bli jordmor. Få plassar på påbygg kan stå i vegen for draumen

Linda (29) lærer robotar å bygge framtidas bad
