Fagbrevutdeling for elektro faget vart for første gang arrangert av Opplæringskontoret for elektrofag i Sogn og Fjordane. Tidlegare har utdelinga vore i regi av fylket med ein samla utdeling for alle yrkesfag.

Det kjem fram av ei pressemelding ført i pennen av elevar ved media- og kommunikasjonslinja ved Hafstad vidaregåande skule.

Utdelinga starta kl. 18.00 med god stemning i lobbyen, der alle dei 28 deltakarane frå heile fylket fekk bli betre kjende. Etter registrering starta utdelinga av fagbreva med leiar Ann Kristin Kristoffersen i yrkesfagnemnda og styreleiar Geir Saltkjel i Nelfo. Nelfo er ein landsforeining i Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) som representerer bedrifter innan elektro, IT, ekom, automatisering, systemintegrasjon og heis.

– Fagbrev har dei seinare åra blitt meir populære, sa Ann Kristin Kristoffersen frå talarstolen og trekte fram at det no er heile 54 prosent som vel å ta fagbrev og bli fagfolk.

– For ein person som ønsker å kome ut i fysisk arbeid og få eigen inntekt, for dei som er leie av å sitte på skulebenken, er det å ta fagbrev ein super moglegheit, fortel Saltkjel.

Han ville opplyse deltakarane om viktigheita av å ta fagbrev, og satse på yrkesfagleg kompetanse i arbeidslivet.

– Norge har eit stort behov for fagfolk for å greie og bevare velferda i samfunnet. Utan fagfolk har vi ikkje nok folk til å drifte landet vidare. Dagens samfunn har eit stadig behov for flinke fagfolk som skal hjelpe oss gjennom det grøne skiftet som vi er så stolte av å snakke om. Då er det spesielt viktig å hylle dei på den måten opplæringskontoret gjorde denne torsdagen på Skei, slik at dei nye fagarbeidarane kan bere fagbrevet sitt med stoltheit, seier han.

Etter utdelinga var det middag for deltakarane på hotellet, og moglegheit for dei nye fagbrevmottakarane til å bli betre kjende med dei andre framtidige arbeidstakarane innan elektrofag i fylket.

Planen er å gjenta utdelinga for fagbrev innan elektrofag også neste år.