Fredag 21. oktober skal Vestland fylkeskommune utføre den siste inspeksjonen av bruene i Værlandet og Bulandet.

Det gjeld bruene over Ytre og Indre Melværsund, Gjeldsøy-Hågøy/Holmsundet og Nikøysund.

Arbeidet skal utførast i etappar gjennom dagen: Ved Indre Melvær og Ytre Melværsundbrua blir vegen stengd frå kl. 08.35-10.15. Gjeldsøy-Hågøy/Holmsundet: Her blir vegen stengd frå kl. 11.00-12.25. Nikøysund: Vegen blir stengd frå kl. 13.10-16.10

Byggeleiar for bruvedlikehald i fylkeskommunen, Ellen Bijsterbosch–van Hal fortel at arbeidet stort sett har gått etter planen.

– Arbeidet er litt forseinka på grunn av vind, men vi er stort sett i rute, fortel byggleiaren.

Vegen over Ytre og Indre Melværsund har vore stengt i periodar i to veker grunna overflatebehandling av bjelkane.

– Dette er arbeid vi normalt gjer kvart femte år, eller etter behov, fortel Bijsterbosch–van Hal. Frå laurdag av blir altså bruene opne for trafikk heile døgnet.

Stenger bru på Værlandet i åtte timar dagleg