Desse arrangementa er avlyst

MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Av

Utviklinga av koronaviruset gjer at fleire lokale og nasjonale arrangement er avlyst. Scroll i bildet over, så ser du alle lokale arrangement dette gjaldt til torsdag ettermiddag.

DEL

I tillegg til dei lokale arrangementa er det mange nasjonale arrangement som er avlyst.

Per onsdag var m.a. desse arrangementa avlyst:

  • Operaen stenger for publikum. Den Norske Opera & Ballett avlyser alle førestillingar, konsertar og andre publikumsaktivitetar fram til påske.
  • Birkebeinerrennet i langrenn. (Ingalåmi, Ungdomsbirken, Barnebirken, Turbirken, Skøytebirken, Stafettbirken og Birkebeinerrennet).
  • Junior-NM i langrenn komande helg.
  • Høgre sitt landsmøte.
  • Korps-NM.
  • Vestland Arbeidarparti sitt årsmøte 14. og 15. mars.
  • Skiskyttar-NM i Vik.
  • Norges Handballforbund avlyser all regional kampaktivitet frå og med 12.mars. Dette betyr at all serie- og kampaktivitet for begge kjønn og i alle aldersklassar.

Politiet avlyser også alle seminar og kurs, og all trening for innsatspersonell utanom skyteprøven.

Artikkeltags