↓ Dette er en kommersiell tjeneste fra Amedia Marked
 
Hjemmeside Telefon Adresser

På nettet

Send epost

Telefon

57 78 89 00

Besøksadresse

Sognefjordvegen 444
5961 BREKKE
  1. Beskrivelse

HAFS ELEKTRO & RØR AS

Dine lokale fagfolk.
HAFS elektro & rør AS er eit elektrikar- og røyrleggarfirma heimehøyrande i HAFS-regionen.

HAFS Elektro & Rør AS  vart etablert i 1979 som Rysjedal Elektro AS av lokale interesser med allsidig røynsle frå elektrobransjen. Foretaket endra namn til HAFS Elektro AS i mars 2010. I 2012 fusjonerte HAFS Elektro AS med Wergeland Elektro & VVS AS. Det fusjonerte foretaket fekk namnet HAFS Elektro & Rør AS.

Bedrifta har avdelingar i Gulen, Hyllestad og Solund. Foretaket har lokale eigarar som høyrer heime i desse kommunane. Våre elektrikarar og røyrleggarar tek oppdrag i Gulen, Hyllestad, Solund, Fjaler, Askvoll, Gaular, Høyanger og Masfjorden.

Servicemontørane våre har godt utstyrte servicebilar og har tilgang til lager i Eidsnesfeltet, Askvoll, Hardbakke, Brekke og Sløvåg.

HAFS Elektro & Rør AS er eit firma med høg kompetanse og lang erfaring. Vi har tre godkjente elektroinstallatørar, ein røyrleggarmester, fleire med fagskule, nokon med ingeniørutdanning og alle arbeidarane våre har eit eller fleire fagbrev. Bedrifta jobbar systematisk med sertifisering og kompetanseheving av personell for å kunne tene marknaden optimalt. Vi er godkjent opplæringsbedrift for elektrikar- og røyrleggarfaget og har lærlingar knytta til oss for begge faga.

HAFS Elektro & Rør AS sitt styringssystem for kvalitet og miljø er sertifisert i samsvar med ISO standard 9001:2015 og 14001:2015. Prosessane og rutinane til bedrifta er grundig gjennomgått og godkjent av ein uavhengig tredjepart. Me har valt å ISO-sertifisere oss for å stadfeste at kvalitets- og miljøarbeid er vårt viktigaste fokusområde, og for å tydeleggjera at me kontinuerleg jobbar for forbetring.  ISO-sertifiseringa sikrar at våre interessepartar kan stole på at me møter alle våre forpliktingar som sertifisert bedrift.