↓ Dette er en kommersiell tjeneste fra Amedia Marked
 
Hjemmeside Telefon Adresser

På nettet

Send epost

Telefon

970 08 082

Besøksadresse

Øyrane 10
6800 FØRDE
  1. Beskrivelse

Om Førde Bilberging AS

Førde Bilberging AS held til i Førde og tilbyr bergingsbil, redningstjeneste og veihjelp for Falck, Viking, NAF og SOS i Sunnfjord og omegn.

Førde Bilberging AS blei etablert 1. juni 2006 av dagleg leiar Arild Tistel.

Han kom til Førde i 2002 som avdelingsleiar for Vik Bil AS.

Her jobba han i mange år på verkstaden som mekanikar, service- og bergingsmann på lette og tunge køyretøy og maskiner av alle slag i alle storleikar.

Etter 4 år i Førde fekk Arild Tistel tilbod om å kjøpe og overta Vik Bil AS si avdeling i Førde og Førde Bilberging AS vart stifta.

Sidan starten har han opparbeidt selskapet frå botn og eig i dag selskapet gjennom Tistel Holding AS.

I 2011 flytta Førde Bilberging AS frå Halbrendslia til nye lokale på Øyrane. Selskapet tilbyr bergingsbil, redningstjeneste og veihjelp i Sunnfjord og omegn.

 

 

Avtale med alle forsikringsselskap:

Som utøvar for Falck Redning og NAF Assistanse hadde vi i starten på lik linje med i dag avtale med alle forsikringsselskap på tungberging og lettberging.

Dette har heile tida vore eit fortrinn for Førde Bilberging AS. Satsinga på moderne utstyr kombinert med høg grad av service og utdanna personell har resultert i at oppdragsmengda har auka jamnt sidan starten. Hausten 2010 vart me i tillegg utøvar for Viking Redningstjeneste. I dag etter åra med innkøyring og opparbeiding av arbeidsmengd kan vi tillate oss å sei at vi no er den leiande aktøren på bilberging i Sogn og Fjordane. I tillegg er vi no representant for SOS International, etter at dei kjøpte seg inn i NAF Veihjelp hausten 2014.

 

Vi har i dag samarbeid med:

Falck Redning AS

Viking Redningsteneste AS

NAF Veihjelp AS

SOS International AS

 

 

Tilsette i Førde Bilberging:

Vi har 9 persona i fast jobb og turnus +5 tilkallingsmannskap.

Tilsette har fagbrev som bilmekanikarar eller avgjerande erfaring innan bilfag og bilberging.

 

Målet vårt er å reparere mest mogleg av havaristane på staden.

Dersom dette ikkje let seg gjere fraktar vi køyretøyet til næraste verkstad eller avtalt stad.

Dette blir avtalt i dialog med kunden og evt forsikringsselskap.

 

 

Redningsbilar og utstyr:

Våre køyretøy er av det siste innan moderne utstyr for bilberging og fordelt/dimensjonert slik at me dekkjer alt frå dei minste køyretøy i parkeringshus, til dei største tungbiljobbane:

 

Izusu lettberger/garasjeberger

Vw Amarok Servicebil

Vw Transporter Servicebil

MAN 12.220 planbil for berging og transport

Scania R560 Bufferbil 

Scania P310 Stor planbil for berging og transport

MB Atego 1223 Stor planbil for berging og transport

MB Atego 1530 Stor planbil for berging og transport

MB Atego 4×4 mellombergar

Jumbo luftputehengar

Mottaksputesett

Genie Teleskoptruck