↓ Dette er en kommersiell tjeneste fra Amedia Marked
 
Hjemmeside Telefon Adresser

På nettet

Send epost

Telefon

57 72 73 00

Besøksadresse

Vikavegen 102
6843 SKEI I JØLSTER
  1. Beskrivelse

Om oss

I 1976 starta Jostein Sunde opp verksemda åleine med ei gravemaskin. I dag leiar han ei bedrift med over 40 års erfaring frå bransjen;

Vi heldt til på Skei i Jølster- Sogn og Fjordane.

Vi har 20 tilsette; anleggsmaskinførarar, bergsprengere, boreoperatørar, maskinførarar, prosjektleiarar og administrativt personale.

Vi har god miks av nytilsette og folk med lang erfaring.

Arbeidarane har fagbrev og dokumentert sikkerheitsopplæring

Vi har sentral godkjenning klasse 2 og ADK-godkjenning.

Vi er medlem i Maskinentreprenørenes Forening.

Vi oppgraderer maskinparken kontinuerleg. Topp moderne utstyr er viktig for god tryggleik, effektiv produksjon og godt miljø! Kundane våre er privatpersonar, bygningsfirma, småkraftverk, kommunar, og statlege og private entreprenørfirma. Vi har aldri fått dagsmulkt og har alltid gjort opp for oss. Vi har aldri permitert nokon, dei tilsette har lågt sjukefråvær og stor arbeidsglede! Vi har lang tradisjon som lærebedrift. Mange lærlingar har starta karrieren sin hos oss!

Vi er glad og stolt over å kunne støtte lag, foreningar og gode tiltak i lokalmiljøet. For oss er nøgde kundar alltid viktigare  enn kortsiktig gevinst. Fleksibilitet og samarbeid skal vere vårt kjennemerke!

 

Våre tenester
Graving
Vi utfører grunnarbeid og graving. Vi har store og små gravemaskiner som passar til ulike prosjekt. Maskinførarane har fagbrev og dokumentert sikkerheitsopplæring.

Steinmassar
Vi leverer veggrus, strøsand, singel og pukk ut til kundar i heile Sunnfjord. Vi produserer steinmassane i eige pukkverk og har difor gode prisar. Pukkverket ligg på Moskog ved Sunnfjord Næringspark i Førde. 

Boring og sprenging
Vi utfører fjellboring og fjellsprengning. Vi har landbaserte boreriggar og utstyr for mindre oppdrag. 

Maskintransport
Vi transporterer utstyr og maskiner. Vi løfter maskinflaket ned på bakken, slik at det er enkelt for kunden å lesse  utstyret av og på. 

Vegbygging
Vi byggjer skogsvegar, turvegar og bilvegar.   

Transport maskintralle
Vi transporterer store anleggsmaskiner på maskintralle. Vi har transportoppdrag i heile Sør-Norge.

Massetransport
Vi transporterer jord- og steinmassar. Ein lastebil kan ta omlag 8-10 kubikkmeter på eitt lass.

Maskinpark
Vi har ein solid og moderne maskinpark som er godt eigna til store og små prosjekt. 

Kontainerutleige
Treng du ein avfallskontainer?  Vi leiger ut kontainer og tar oss av transport og tømming av avfallet.

Grunnarbeid
Vi utfører grunnarbeid på tomter for nybygg og rehabilitering. 

Knusing
Vi har eige knuseverk for pukk og grus.

Vasskraftverk
Vi utfører grunnarbeid på vasskraftverk, både som hoved- og underentreprenør. 
Vi har fått mange gode tilbakemeldingar på arbeidet vårt.

Velkomen til oss!

 

 

Godkjenninger og sertifiseringer