↓ Dette er en kommersiell tjeneste fra Amedia Marked
 
Hjemmeside Telefon Adresser

På nettet

Send epost

Telefon

917 16 044

Besøksadresse

Flovegen 12
6800 FØRDE
  1. Beskrivelse

Om oss:

Portservice Sogn og Fjordane driv med sal, service og reparasjonar av alle typar industri- og garasjeporter, spesialportar, bommar, parkeringsanlegg, grinder og tyngre innkøyringssystem. Vi leverer produkt både til privatkundar, næringsbygg, industri, og tyngre system til sikring av eks fjellanlegg, kraftstasjonar, flyplassar, ISPS hamner, mm. Våre tilsette har lang erfaring i bransjen, med vidt fagspekter og høg kompetanse innan heile produktområdet.

Historie:

Verksemda Nortronik, vart etablert som personleg føretak av Lars Nordvik, i 1995, innanfor produktområda industriporter og brannvern, tilknytt Norske Porter Gruppa (NPG). Endra til aksjeselskap i 2000. Eigen produksjon av ISPS grinder sidan 2001.

I 2003 vart dei to områda i verksemda Nortonik delt i to selskap, der NPG Portservice har betjent produktområdet porter og områdesikring. Frå 2008 har verksemda vore lokalisert, og etter kvart driven i samarbeid med Hellenes as, som avdeling.

For å utvikle vidare, og auke fokuset innan produktområdet porter og områdesikring, får verksemda på ny ein sjølvstendig driftsorganisasjon frå 01.01.2016.

Pris, kvalitets- og miljøpolitikk:

Portar har som forsikring to prisar, ein før og ein etter skade. Vi har som målsetjing å selje kvalitetsprodukt med god totaløkonomi for sluttbrukar over tid. Det betyr at vi ikkje alltid ynskjer å selje kunden det produktet som er absolutt billegast ved fyste gongs kjøp. Vi veit at reparasjonar og reservedeler i portbransjen generelt er kostbart, og veit også at skadar og slitasje vil oppstå.

Vi legg difor stor vekt på at både vi og våre produsentar held ein ansvarleg pris, kvalitets,- og miljøpolitikk, som gjer det lønsamt også reparere, og dermed ikkje bidreg til unødig miljøbelastning. Vi ser tydeleg at dette over tid, er god både totaløkonomi, og miljøpolitikk for sluttbrukar.

Vår hovudleverandør Novoferm, er ein tysk kvalitetsprodusent, med høg etikk, miljø og kvalitetsstandard, som legg vekt på å bidra med produkt som er både kostnads- og energirasjonelle for sluttkunde.

Målsetjing og strategi:

Vi har betjent kundar i portbransjen sidan 1995, og har ei klår målsetjing om også å være her i framtida. For å oppnå dette over tid, treng vi eit sundt driftsresultat, og kompetanse til å tilby deg som kunde den optimale løysingar for dine behov. Vi opplever att dei aller fleste kundar over tid vert gjengangar, noko vi er svært fornøgd med, og ynskjer å forsterke. Vi skal levere jobben trygt og sikkert, både for eige personell og kundens personell/ materiell