– Det blir ein ganske mild start på veka. Det er godt med plussgrader på måndag.

Det seier Geir Ottar Fagerlid, vakthavande meteorolog ved Meteorologisk institutt.

Det vil også bli nokre spreidde regnbyer på måndagen, men det skal ikkje vere snakk om store mengder, ifølge meteorologen.

– Det blir litt rolegare på tysdag. Det blir litt lågare temperaturar og det kan bli rundt null grader mange stader. Den kjem kanskje nokre sludd- og snøbyer i indre og høgtliggande strøk, seier han.

Fagerlid seier at det vil kunne komme mellom 5 og 10 millimeter nedbør enkelte stader både måndag og tysdag.

Onsdag kjem det eit nytt lågtrykk innover Sunnfjord.

– Då blir det ein ny omgang med ein god del nedbør. Det er onsdagen og torsdagen som får det verste vêret, så blir det litt meir roleg og vinterleg til helga, seier meteorologen.

Lågtrykket kan føre til så mykje som 20 til 30 millimeter nedbør lokalt på onsdag.

Temperaturane vil søkke til helga, og prognosen seier også at det vil bli mindre nedbør.