Gå til sidens hovedinnhold

Denne søya fødde sju lam: – Litt spesielt

Jakob Holen (70) har drive med sau i over femti år, men aldri opplevd noko som dette.

– Først kom det fem, og det hender jo, men så kom det jammen to til, seier sauebonden på Hermansverk, som fredag sette ny rekord i lemminga.

Om ikkje det er noregsrekord, så er det i alle fall personleg rekord, og det får resten av sauebøndene i byråkratbygda til å sperra augo opp.

– Eg har aldri opplevd dette før. Eg har sjølv fått fem nokre gonger, og høyrt om andre som har fått seks, men aldri sju, seier Holen.

Uvanleg med sju

– Nei, det trur eg er uvanleg, seier fylkesleiar Ragnhild Sæle i Sogn og Fjordane Sau og Geit, som heller ikkje trur ho har høyrt om sauer som har fått sju lam før.

– Det er alt for mange, spør du meg. Eg fekk ei med tre lam i natt, og det er nok, seier Sæle, som sjølv er sauebonde i Jølster.

Jakob Holen fortel at det eine lammet var daudfødt, medan eit anna diverre fekk eit kort liv, men at det går godt med dei fem som lever att av rekordkullet.

– Vi tok ifrå to, slik at søya går att med tre lam.

Aukande lammetal

– Korleis er det elles med lammetala for tida?

– Det er veldig mykje lam. Mange får tre eller fire, og då blir det alt for mykje. Men det går godt, det er hovudsaka, seier Holen, som har travle stunder i sauefjøsen for tida, og legg til:

– Det er godt vi har kvinnfolka til å hjelpe oss. Det har mykje å bety.

Holen tok over garden då han var 19–20 år. Gjennom femti år som sauebonde har 70-åringen opplevd jamt aukande lammetal.

– Men aldri så mykje som dette! slår han ettertrykkjeleg fast.

Les også

Knut vart lite rik på mykje ull: – Hadde tent meir på skjegget mitt

Les også

Bønder i Sunnfjord får spreie møk ein månad ekstra: – Ville trengt betydelege investeringar om vi fekk dette tredd nedover hovudet

Les også

Korleis det skal sjå ut på bygdene i framtida, er det vi som avgjer når vi står i butikken

Kommentarer til denne saken