– Eg får seie som Leif: Den største gleda eg kan ha, er å gjere andre glad, seier Rigmor.
Reiser du til Leirvik i Hyllestad og startar på turen opp til fjellet Sauesnyken, gjeld det å halde auga opne. Langs den nyleg opprusta turvegen kan du nemleg sjå alle slags rare skapningar titte ut av skogen. Sjå bilde av desse lenger nede i saka.
Det er Leif og Rigmor Dale som «står bak».
– Ideane dukkar opp på turar. Vi kan til dømes seie «der ser eg ei heks, eller eit smilefjes», seier Rigmor og humrar.
Fått fine tilbakemeldingar
Turvegen er det Leirvik grendelag som har fått rusta opp og grusa. Den går opp til eit punkt, cirka 1,5 kilometer uti turen opp til Sauesnyken, som på folkemunne blir kalla Panorama. Der var det tidlegare berre ein benk, men i 2020 vart det opna ei grillhytte der.
– Under nyttårsfeiringa i 2019 var det forrykande dårleg vêr, og då bestemte vi oss for at vi måtte ha ei grillhytta å søke ly i. Året etter stod den der, seier Leif.
Han er sjølv med i den lokale trimgruppa «gutane på tur», som står for mesteparten av dugnadstimane som er lagt ned i området. Både han og kona er nøgde med korleis det har blitt, og har fått positive tilbakemeldingar på dei artige figurane dei har skapt langs turvegen.
– Vi har fått ein del tilbakemeldingar frå barnehagar eller foreldre om at ungane spring oppover for å finne fleire figurar. Då har vi oppnådd den effekten vi ville. Dei vaksne har sagt at dei synest det er kjekt også, seier Rigmor Dale.

Vieåsen-familien applauderer gapahuken. – Kjempeflott bygg!
Nyttårstradisjon
Heile prosjektet med grillhytte og turveg kosta over to millionar, som vart finansiert med spelemidlar, gåve frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og kommunale pengar. I tillegg fekk dei gratis tomt av grunneigar.
Området har blitt populært, fortel Rigmor og Leif.
– Det er snart 6000 som har besøkt hytta og skrive seg i gjesteboka. Og det er enormt mange som ikkje skriv også, seier dei.

– Eg hadde ein fantastisk oppvekst her. Det ønskjer eg for mine ungar òg
Kvar nyttårsaftan samlast mange ved Panorama, i fjor var det like over 60 der, utan at nokon arrangerer noko. Folk berre møter opp av seg sjølv, forklarer Leif. Denne tradisjonen starta i år 2000, då det fleire stader vart arrangert bålbrenning på fjelltoppar rundt om.
Leirvik grendelag har elles fått til mykje oppgjennom, mellom anna har dei også laga frisbeegolfbane i området, og badehus langs fjorden.
Her er bilde av nokre av syna du kan møte på turvegen opp til Panorama: