Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Eldreomsorga i Førde har vore på sparebluss lenge. Og når eg les Firda kan eg sjå at alle våre dystre spådommar om framtida, dei har slått til.
Plassmangelen føresåg vi i eldrerådet på eit så tidleg tidspunkt at det hadde vore mogeleg å gjere noko med det, men det skjedde ikkje.
Dessutan hadde vi dei årlege budsjettmøta der dei same tinga gjekk igjen:
For låg grunnbemanning, for mange deltidsstillingar, for lite kompetanse og underbudsjettering.
Og kvart år snakka eg med avdelingsleiarane om budsjettet og deira meining om det.
Det kan vere lett å skulde på dei folkevalde, men dei har rett til å forvente at administrasjonen legg fram eit forsvarleg budsjett. Difor prøvde eg å fortelje at det var deira budsjett og det var det same kva eg sa om budsjettet, viss dei ikkje sa tydeleg ifrå om at dette går ikkje.
Difor var det med glede at las om møtet som Arbeidarpartiet har hatt med dei tilsette på Førde omsorgssenter.
Så min tanke var at no får dei dei folkevalde og andre høyre korleis dei tilsette opplever situasjonen. Og eg oppdaga at problema stort sett er dei same som før, berre at plassmangelen no er heilt prekær og det etter kvart er umogeleg å skaffe fagfolk.
Men også den gongen prøvde eg etter beste evne å formidle problema vidare gjennom eldrerådet til kommunestyret, utan at eg følte at eg lukkast.
Difor er eg glad for at Arbeidarpartiet har lukkast med å skape eit forum, der dei tilsette kan dele sine erfaringar om dei utfordringane dei må leve med.
Gode folkevalde: De lovar oss ei endå betre eldreomsorg. Korleis vil de få det til?

Tilbyr kommunen gratis tomt til sjukeheimsplassar

Dette møtet likte ikkje toppleiinga. No har dei laga nye reglar

– Vi kan ikkje vente med å gi ei god eldreomsorg

Henrik brukte feriedagar for å rope varsku om eldreomsorga
