Gå til sidens hovedinnhold

Den nye Solberg-regjeringa er klar

Artikkelen er over 1 år gammel

Alt tyder på at den nye regjeringa blir presentert fredag. KrFs Knut Arild Hareide er blant dei som får plass, medan Ola Elvestuen og Anniken Hauglie må gå.

Det er venta at statsminister Erna Solberg etter statsråd fredag presenterer den nye regjeringa si på slottsplassen. Allereie har det vore ei rekkje lekkasjar om korleis statsrådskabalen har gått opp. NTB har fått alle endringar stadfesta av kjelder i regjeringsapparatet.

Venstre og KrF får fire statsrådar kvar, medan Høgre får elleve i tillegg til statsminister Erna Solberg.

I KrF held på Kjell-Ingolf Ropstad, Olaug Bollestad og Dag-Inge Ulstein sine postar, medan Hareide kjem inn som samferdselsminister.

I Venstre forlèt partileiar Trine Skei Grande kulturministerposten til fordel for å bli ny kunnskapsminister. Iselin Nybø held fram som statsråd, men blir næringsminister.

Les også

DN: Rotevatn blir klima- og miljøminister

Ny generasjon

I tillegg kjem både Abid Raja og Sveinung Rotevatn inn som høvesvis kulturminister og klima- og miljøminister.

Ifølgje kjelder til Dagbladet var det nødvendig å få inn begge to. Regjeringskabalen blir nemleg knytt opp mot den uavklarte leiarstriden i Venstre. Både Raja og Rotevatn skal ha hatt sterke støttespelarar som jobba aktivt for kandidaten sin. Dersom berre éin av dei skulle vorte utnemnd, ville det av mange bli oppfatta som ei støtteerklæring i leiarsituasjonen i Venstre, ifølgje Dagbladet.

Dermed er altså Ola Elvestuen (V) ute av regjeringa. Også Høgres Anniken Hauglie, som den siste tida har vore i hardt vêr som følgje av Nav-skandalen, er ute. Ho blir erstatta av Torbjørn Røe Isaksen.

I tillegg til Venstres Rotevatn (32) er det fleire unge krefter som er henta inn i regjeringsfornyinga. Høgre set inn 33 år gamle Tina Bru som olje- og energiminister, medan den 36 år gamle partifellen hennar Henrik Asheim blir statsråd for forsking og høgare utdanning.

Tulledepartement

Det er dessutan oppretta ein ny post – distrikts- og digitaliseringsminister. Linda Hofstad Helleland (H) gjer comeback i regjeringa i denne posten.

Valforskar Svein Erik Tuastad ved Universitetet i Stavanger meiner dette kan bli eit tulledepartement.

– Ein kan spørje seg sjølv om det blir endå eit tulledepartement i forhold til dei eigentlege styringsbehova, seier han til NTB.

Skipinga av departementet må tolkast som eit direkte svar på Senterparti-framgangen, meiner Tuastad.

Frp trekte seg

Frp-leiar og finansminister Siv Jensen opplyste måndag denne veka at partiet trekkjer seg frå regjeringssamarbeidet. Dei hadde sju statsrådar i regjeringa.

Partiet har vore sterkt kritiske til at Noreg henta heim ein 29 år gammal norsk-pakistansk kvinne og hennar to barn på fem og tre år frå Syria. Det er antatt at sonen er alvorleg sjuk. Kvinna er sikta for å ha vore ein del av IS og Nusrafronten i perioden 2013 til 2019.

Fakta om lekkasjar om ny regjering

Her er ei oversikt over politikarar som ifølgje ulike kjelder og medium blir statsrådar i Erna Solbergs nye regjering. NTB har fått alle namn på lista stadfesta av kjelder i regjeringsapparatet.

Nye statsrådar

  • Sveinung Rotevatn (V) blir klima- og miljøminister.
  • Abid Raja (V) blir kultur- og likestillingsminister.
  • Tina Bru (H) blir olje- og energiminister.
  • Knut Arild Hareide (KrF) blir samferdselsminister.
  • Henrik Asheim (H) blir forskings- og høgare utdanningsminister.
  • Geir Inge Sivertsen (H) blir fiskeriminister.
  • Linda Hofstad Helleland (H) blir distrikts- og digitaliseringsminister.

Statsrådar som byter departement

  • Trine Skei Grande (V) går frå Kulturdepartementet og blir ny kunnskaps- og integreringsminister.
  • Iselin Nybø (V) forlèt posten som forskings- og høgare utdanningsminister og blir ny næringsminister.
  • Jan Tore Sanner (H), som har vore kunnskapsminister, blir ny finansminister.
  • Monica Mæland (H) går frå posten som kommunalminister til justisminister.
  • Torbjørn Røe Isaksen (H) forlèt posten som næringsminister og blir ny arbeids- og sosialminister.
  • Nikolai Astrup (H), i dag digitaliseringsminister, blir ny kommunalminister.

Statsrådar som held fram

  • Bent Høie (H) blir sitjande som helseminister og overtar også oppgåvene som eldre- og folkehelseministeren har hatt.
  • Frank Bakke-Jensen (H) blir sitjande som forsvarsminister.
  • Ine Eriksen Søreide (H) blir sitjande som utanriksminister.
  • Kjell Ingolf Ropstad (KrF) blir sitjande som barne- og familieminister.
  • Olaug Bollestad (KrF) blir sitjande som landbruksminister.
  • Dag Inge Ulstein (KrF) blir sitjande som utviklingsminister.

Kommentarer til denne saken