Gå til sidens hovedinnhold

Den beste julekalenderen er gratis

Artikkelen er over 6 år gammel

Det var den jula vi seinare kalla «Trumf-jula».

Det var i det Herrens (eg hadde nesten sagt Satans) år 2008. Finanskrise-året. Det året vi hadde valutalån og husgjelda vår voks frå 1 470 000 til 2 050 000 mens eg sat ved PC'en og gret.  Det året draumane om flatskjerm-TV og badestamp i hagen vart knuste. Det året vi  hadde så dårleg råd at vi trudde vi måtte droppe alt som heitte julepresangar, heilt til kona mi kom på at vi hadde oppspart tilsvarande 1800 kroner i Trumf-poeng.

Det vart Trumf-jula. Vi bestilte julegavene frå ein liten katalog vi fekk i posten.  Eg hugsar at eine dotter vår fekk eit keyboard for trumfpoeng tilsvarande 399 kroner.

Men så var det julekalenderen. Eg stod lenge og såg med store, blanke auge på Haribo-kalenderane til 170 kroner stykket. Fire born har vi. Fire ganger 170 kroner, det er 680 kroner, det. Du får nokre julemiddagar for det.

- Vi får lage vår eigen julekalender, sa kona mi.

Og så fekk ungane seks lappar kvar. (Fire ganger seks er som kjent 24). På kvar einaste ein skulle dei skrive ein ting som dei hadde lyst til å gjere saman med heile familien. Fire lappar var merka "kvardag", og der var det ikkje lov å skrive noko som tok meir enn to timar. To lappar var merka "helg", og der var det lov å skrive ting som tok fire timar. 

Vi sette opp ei lita liste med forslag til dei.

Kvardag:

Bake kaker (finn på sorten sjølv)

Gå tur i skogen og tenne bål.

Dra i Høyangerbadet.

Klippe julepynt.

Lage snølykter.

Gå i akebakken.

Bake bollar.

Steike vaflar.

Sjå ein film (Grinchen er min favoritt).

Lese høgt frå ei bok.

Helg:

Dra på skitur

Hogge juletre

Pynte til jul

Gå på skøyter

Slike ting. Du skjønar teikninga.

Vi rulla lappane saman, og batt dei med hyssing opp til eit teppe med 24 ringar i. Og kvar dag, 24 dagar på rad, gjekk heile familien og gledde seg og lurte på kva vi skulle gjere saman den ettermiddagen.  Ingen hadde lov til å ikkje vere med.

Dette gjorde vi, mange år på rad. Er det ein ting eg skulle ønske eg hadde tatt vare på frå ungane sin oppvekst, så er det dei lappane.

Eit barn som har opplevd ein slik julekalender, vil aldri ønske seg ein kalender med presangar i. Ein time eller to saman med glade foreldre er bedre enn nokon presang.

Kommentarer til denne saken