Ifølge avisa Vårt Land er det planlagt demonstrasjonar i 20 land på grunn av saka der barnevernet har fråteke alle dei fem borna til eit foreldrepar busett i Sunnfjord.

Foreldreparet er sikta etter straffelovas §282, som omhandlar mishandling i nære relasjonar, tvang, vald eller andre krenkingar.

Spania, Romania, USA og Danmark

Det norsk-rumenske ekteparet er pinsevener, og støttespelarar hevdar at familien vert straffa for «kristen indoktrinering». Kjende av familien har difor sett i gong ein internasjonal kampanje for å få norske styresmakter til å gripe inn i denne barnevernsaka.

Det har allereie blitt arrangert fleire demonstrasjonar, både i Madrid og i Bucuresti. Tysdag demonstrerte rundt 40 barnevernskritikarar utanfor Stortinget i Oslo, og i vekene som kjem er det annonsert aksjonar i 20 land over heile verda. Dette gjeld mellom anna Washington og København.

Blant støttespelarane til ekteparet er fleire høgtståande politikarar, og tidlegare utenriks- og justisminister i Romania, Titus Corlatean, har uttalt at ekteparet er gode kristne.

– Det å ønske å oppdra born i den kristne trua, til ikkje å lyge og ikkje stele, burde bli applaudert i staden for denne krenkande prosessen, sa han.

Kommunen trygg på barnevernet

Rådmannen i den aktuelle kommunen stadfestar overfor Vårt Land at dei har fått fleire henvendingar om saka, og at religionsforfølging er eitt tema som har dukka opp.  

– Rådmannen er orientert om barnevernets arbeid. Vi er trygge på at barnevernet handterer saker i samsvar med nedfelte rutiner og barnevernlova, og at dei jobbar for barnas beste. Barnevernet kan ikkje ta barn frå foreldre på grunn av tru, seier rådmannen.  

«Klaps på baken»

Vårt Land skriv også at ekteparet i eit intervju på den rumenske TV-kanalen Antena 3 rett før jul innrømte at dei har gitt borna klaps på baken og trekt dei i øyra, sjølv om foreldra visste at dette er ulovleg i Norge.

Politiadvokat Sissel Kleiven  ved Sogn og Fjordane politidistrikt stadfester at ekteparet framleis er sikta etter straffelovas § 282, men politiadvokaten ønskjer ikkje å konkretisere kva handlingar ekteparet er sikta for.