Gå til sidens hovedinnhold

Delta-bekymring: Gjenopninga av Noreg blir utsett

Regjeringa er bekymra for Delta-varianten av koronaviruset og ventar minst to veker med trinn fire i gjenopningsplanen.

– Ei ny vurdering av om vi kan gå til trinn 4 vil skje i midten av august, opplyser regjeringa onsdag.

Dette er i tråd med tilrådingane frå Folkehelseinstituttet (FHI) og Helsedirektoratet.

–Pandemien er ikkje over. Det er ei urovekkjande utvikling i fleire europeiske land som følge av Delta-varianten, også i land med høgare vaksinasjonsdekning enn i Noreg, slik som Storbritannia og Nederland, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie.

– Aukar risikoen

Regjeringa varslar likevel enkelte lettar. Mellom anna vil barn og unge under 18 år stort sett få fritak frå plikt til smittekarantene frå 16 august.

– Dette aukar risikoen for smitte i samfunnet, men det er ein risiko vi er villig å ta for at barn og unge skal ha ein så normal kvardag som mogleg til hausten, seier helseministeren.

Ungdom må framleis i smittekarantene når dei er husstandsmedlemmer eller tilsvarande nære kontaktar til den smitta personen, som til dømes ein kjærast.

For personar over 18 år blir plikta til smittekarantene vidareført, men kommunane får moglegheit til å gjere unntak og erstatte karantene med testing.

Frå midnatt 2. august kjem det òg enkelte andre lettar. Mellom anna kan vaksne delta på idretts- og kulturarrangement på tvers av regionar og krinsar.

Det blir òg gjort unntak frå innreiserestriksjonane for mindreårige barn som reiser til Noreg saman med foreldre som har unntak frå innreiserestriksjonane på anna grunnlag enn koronasertifikat.

Solberg: – Vil at skulestarten skal bli så normal som mogleg

Statsminister Erna Solberg (H) seier at dei ventar med trinn fire av gjenopninga fordi dei vil at skulestarten skal bli så normal som mogleg.

– Vi ønskjer å ha litt fleire vaksinerte før vi gjer det, fordi vi vil aller helst sørge for at vi kan starte skulane, universitet og høgskular på grønt nivå, eit nivå som gjer at vi kan starte mest mogleg normalt, seier Solberg til NTB.

Det er likevel slik at barnehagar, skular og SFO i område med mykje smitte bør planleggje for gult nivå, opplyser regjeringa.

– Dette gjeld særleg barnehagar og SFO, som opnar tidlegare enn skulane i august.

Les også

Fire nye smitta i Sunnfjord kommune: – Kan komme fleire positive prøver

Les også

Fullvaksinerte i Stryn og Sogndal blei koronasmitta

Kommentarer til denne saken