Del 17. mai-bilde med oss – vinn Flax-lodd!

FEIRA: Nora og Ingrid Flaten feira 17. mai i Høyanger i fjor. No vil vi sjå bilda dine frå i år.

FEIRA: Nora og Ingrid Flaten feira 17. mai i Høyanger i fjor. No vil vi sjå bilda dine frå i år. Foto:

Vi vil gjerne sjå korleis du feirar den historiske nasjonaldagen. Del bilda med oss, så er du med i trekninga av Flaxlodd.

DEL

17. mai 2020 blir ein merkedag i historiebøkene. Utan dei vanlege folketoga, leikar og tett i tett med folk rundt om i gymsalar og på skuleplassar. Er det ein ting 17. mai er kjent for, så er det folkemengder.

Difor er vi ekstra nysgjerrige på korleis du feirar nasjonaldagen. Heime? På fjellet? Hos naboen? Del gjerne bilda dine med oss på Instagram ved å bruke #firdafoto eller send oss bilde på e-post til tips@firda.no. Vi vil lage bildeserie frå bidraga vi får inn, og snakke med nokon av dykk!

Skriv gjerne kven som er på bildet og kor det er tatt, når du sender oss e-post.

Vi deler ut fire bunkar med 10 Flaxlodd til fire av bidraga.

Medan du ventar på årets feiring, kan du sjå på bilda frå fjoråret:

Og viss du lurte på korleis russen feira tidleg på 2000-talet: Kos deg med desse bildeseriane frå arkivet.

Artikkeltags