Gå til sidens hovedinnhold

Dei store skipsverfta tapte milliardar på oljekrisa

Artikkelen er over 1 år gammel

Oljekrisa rammar framleis dei største skipsverfta hardt. Ein gjennomgang gjort av Sysla viser at verfta har tapt 7,6 milliardar kroner etter oljekrisa.

I 2014 stupte oljeprisen, og dei store skipsverfta som før hadde bygd offshoreskip måtte snu om å byggje skip for andre næringar. Fleire av selskapa mista store bestillingar og gjekk på store tap, skriv Sysla.

Fleire var raskt ute med å friskmelde verftsnæringa etter krisa. Tala Sysla no legg fram peikar på at næringa framleis er inne i ein stor omstillingsprosess.

Analytikar Anders Helseth, som jobbar med å kartleggje den økonomiske situasjonen til verfta peikar på manglande lønnsemd i verksemda sjølv om aktiviteten no er nesten lik som i 2014. Dei store tapa etter oljekrisa gjer at verfta i dag ikkje har eigenkapital til å ta nye tap.

– Det er inga sjølvfølgje at verfta vil overleve denne krisa. Mange av verfta er heilt avhengige av frisk eigenkapital for å kunne hauste fruktene av dei omstillingskostnadane som har kome til no, seier Helseth til Sysla.

Blant verfta som i dag står med ingen eller negativ eigenkapital er Kleven Verft, Havyard Ship Technology og Vard Group.

Les også

Havyard Leirvik får fullføre utrusting av skip som ligg ved verftet. Jobbar for å sikre drift vidare også

Les også

Havyard-direktøren er ferdig

Les også

Sævik eig både Havyard og Fjord 1: – Ikkje prosjekt til søsterselskap vi taper pengar på

Kommentarer til denne saken