Saman med kulturskulen og rektor Trude Skarvatun, har Andreas Macsik og Turi Bruland utvikla laksen Frode, eit verktøy som skal gjere det enklare for dei minste å begynne på skulen. Poenget er at barna skal bli introdusert for Frode i barnehagen og deretter møte han igjen når dei startar på skulen.

Målet med prosjektet er at uansett kvar du kjem frå i kommunen og kva skule du startar på, så skal du møte att ein kjent figur.

– Det vil vere ein kjempefordel for mange elevar, og spesielt dei som startar i klassar med berre nye fjes, seier Andreas Fonn Macsik.

Han er rådgjevar for fagutvikling i Sunnfjord kommune og saman med kollega Turi Bruland og rektor på kulturskulen, Trude Skarvatun,leiar han prosjektet.

Frode kjem i ein stor, blå bag saman med andre kulturelle verktøy som barna vil kjenne att frå barnehagen. Songar, regler og bøker inspirert av kommunen og på nynorsk. Materialet er laga med lokale kulturuttrykk og nynorsk litteratur. Det inkluderer blant anna ei teljeregle frå Sandane og ein song frå Gaular.

– Det skal også vere eit identitetsprosjekt for den nye samanslåtte kommunen. Vi valde noko som sameinar dei fire kommunane; lakseelvene, seier rektor ved Sunnfjord kulturskule, Trude Skarvatun.

– Eg er superstolt over prosjektet

Sunnfjord kulturskule var med i prosjektet kulturskule 3.0. Formålet med prosjektet er å sjå korleis kulturskulane kan betre tenestane i kommunen. Kulturskule 3.0 er initiert av Norsk kulturskuleråd og KS. Sunnfjord kulturskule fekk plass i utviklingsprosjektet blant berre 16 i landet og to i Vestland fylke: Sunnfjord og Høyanger. Dei valde å fokusere på overgangen frå barnehage til skule.

– Eg er superstolt over prosjektet, seier Skarvatun. Her lokalt blir det veldig bra, og det vart godt motteke når vi hadde «kickoff» med barnehage og skule tidlegare i år. No står att det å sjå om det har effekt på dei det skal ha effekt på.

– Verdt kvar krone

Utviklinga av prosjektet har teke rundt eittog eit halvt år og har ikkje kosta dyrt, ifølge Macsik. Det er snakk om bøker, printing av ark og baggar som er kjøpt inn. I tillegg har det vore fagfolk og ressursgrupper involverte gjennom heile prosessen som har arbeiddmed det pedagogiske, men det meste er gjort lokalt og internt i kommunen.

– Det er ikkje noko veldig dyrt prosjekt, og verdt kvar ei krone, meiner Macsik.

– Engasjerte folk

Macsik jobbar i oppvekstsektoren og har sett at skulen kan vere tøff for mange. Spesielt ved overgangane.

– Det er givande å få vere med på å utvikle noko som kan gjere det litt lettare for barna som skal starte i skulen og så er det utruleg kjekt å sjå den kompetansen som kulturskulen sit med og få brukt den i andre sektorar. Det er verdifullt,og kvaliteten på det vi har fått til har blitt veldig bra. Dei som arbeider med prosjektet er engasjerte folk, seier Macsik.

Alle barnehagar og skular i kommunen skal no vere i gangmed prosjektet. Nokre barnehagar hadde allereie teke i bruk laksen Frode med songane og dansane hans på avslutning før sommaren, og når skulen startar i august, ligg han klar i klasseromma for å møte dei komande førsteklassingane.

Les også

Albumet hans har blitt lytta på i nesten 50 land