Det kjem fram i ei pressemelding.
Samarbeidspartia, som består av Ap, Sp, MDG, SV og KrF, har fleirtal i fylkestinget og vil fremje eit forslag på å bruke ein halv milliard ekstra på vegvedlikehald i Vestland. Desse midlane vil dei ha inn i økonomiplanen for 2023–2027.
– Det er eit stort behov for å prioritere vegvedlikehald og sikring i Vestland fylke. Etter vårt syn må det prioriterast på ein slik måte at vi får mest mogleg trygg veg for pengane, seier Arve Helle, gruppeleiar for Ap og Sigrid Brattabø Handegard, gruppeleiar for Sp.
Allereie til neste år?
Helle fortel til Firda at sjølv om potten på 500 millionar er tenkt å gå inn i ein økonomiplan som strekker seg til 2027, så ser dei føre seg at desse midlane skal vere nytta innan utgangen av 2025.
Helle påpeiker at det er viktig at pengane vert raskt sett i bruk. Han fortel at kring 90 millionar av midlane vil vere lagt inn i budsjettet for neste år, så sant forslaget går gjennom.
Mykje veg
Vestland fylke har ansvar for 5600 kilometer med fylkesveg, 2083 bruer, 287 tunnelløp og 76 ferjekaier.
Samarbeidspartia meiner mellom anna at det vil ta rundt 70 år før ein får lagt ny asfalt i heile fylket, dersom ein ikkje aukar dei årlege løyvingane. Vidare skriv dei at fleire bruer står i fare for å verte stengde, og at ekstremvêr aukar rasfaren.

Høgre vil kutte gratisferjene, men går imot regjeringa sin lakseskatt
