Dei første får skattemeldinga onsdag – men koronaviruset påverkar hjelpa du kan få

Av

Skatteetaten skal sende ut skattemeldinga som planlagt, på fleire ulike datoar. Men publikumsmottaka på skattekontora er stengde inntil vidare.

DEL

I tillegg vil all rettleiing over telefon skje frå heimekontor, skriv Skatteetaten i ei pressemelding.

– Dette gjer vi for å forhindre ytterlegare smitte av koronaviruset og samtidig sørgje for at Skatteetaten så godt som mogleg held oppe dei viktige tenestene sine, fortel skattedirektør Hans Christian Holte.

Skattemeldinga blir send ut over fleire datoar frå onsdag 18. mars fram til tysdag 31. mars. Leveringsfristen er som før: 30. april for lønnsmottakarar og pensjonistar, og 31. mai for næringsdrivande. Ein kan søkje om utsetjing fram til 30. april, dersom situasjonen krev det.

Artikkeltags