Jens Christian Lundeland om kutt i Posten: – Skal vi lese overskrifter og resirkulert søppel på sosiale medium, så blir vi eit dumt folk

VIL HA AVISA I POSTKASSSEN: – Det er naturlegvis skammeleg å kunngjere eit slikt umoderne og utdatert liv, men eg trøystar meg med statistikken, som viser at eg trass alt er ein av mange, skriv Jens Christian Lundeland.

VIL HA AVISA I POSTKASSSEN: – Det er naturlegvis skammeleg å kunngjere eit slikt umoderne og utdatert liv, men eg trøystar meg med statistikken, som viser at eg trass alt er ein av mange, skriv Jens Christian Lundeland. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

MeiningarPosten ønskjer å redusere postombering til 2,5 dagar i veka på grunn av digitalisering og mindre post. Det minner meg om kolonialbutikken, som pga. mindre omsetning, reduserte opningstidene til tre dagar i veka. Innehavaren kalkulerte likevel med å behalde kundane og omsetninga som han hadde hatt, og at han sjølv kunne ta seg ein deltidsjobb for å overleve. Slik gjekk det ikkje: Nedturen akselererte og det enda ganske raskt med avvikling. Moderne menneske måtte jo ha mat kvar dag! Den arme handelsmannen enda opp som vikarierande postbod.

Det gjekk dårleg med omstillinga. Handelsmannen var truleg for lite «framoverlent», som det så fint heiter i vår tids marknadskommunikasjon. Det ordet tek meg attende eit 150 år til ein annan tilårskomen krambueigar, som også hadde sine pekuniære bekymringar. Kona hans var sjukleg, og ikkje like produktiv i krambua som før, så noko måtte gjerast. Han valde å skrive ein søknad om stønad til fattigkommisjonen, med følgande grunngjeving: «Min kone er nu blivet så gammel og skrøpelig og foroverbøyet, at jeg ikke lenger hafer den fulde nytte af hende». Han vart ikkje bønnhøyrt, og det gjekk som det måtte gå.   

Eg er sjølv ein noko «foroverbøyet», men lidenskapleg papiravislesar ute i distriktet – ein lidenskap og eit sofaliv, som no er trua med avvikling. Eg er ikkje heilt ute av tida, så eg har og mogelegheit for å lese avisene digitalt, men erfaringsmessig blir det då gjerne skanning av overskrifter og hovudoppslag, og eg får ikkje med meg lengre artiklar, dødsannonsar og plakatoppslag.

E-aviser er greitt å ha når ein eksempelvis er på tur. Å lese e-aviser på mobil og i-pad er for meg ubekvemt og anstrengande i lengda, og kan ikkje erstatte ettermiddagshyggja med papiravisa. Det er naturlegvis skammeleg å kunngjere eit slikt umoderne og utdatert liv, men eg trøystar meg med statistikken, som viser at eg trass alt er ein av mange.

Så er spørsmålet om den framoverlente staten eller Posten skal bruke 500 millionar kroner på at eg og andre e-sinker i distrikta skal få papiravisa kvar dag? Og er det verkeleg slik som samferdsleministeren seier at postbodet køyrer rundt i distriktet med tomme bilar?

Eg ser at Arbeidarpartiet sin saksansvarlege Øystein Langholm Hansen (Klassekampen 24.9), som sjølv bur i Stavanger, og får sine papiraviser dagleg på døra frå avisene sin eigen distribusjon, vil støtte regjeringa sitt kuttforslag. Han vil likevel vurdere om heimetenestene i distrikta kan ta med seg posten, og om det kan etablerast postkassar i butikken. Stakkars mann i vitløysa! 

Eg forstår at Posten er under avvikling, og må spare pengar. Eg forstår og godt at samferdsleminister Dale må spare – skattelette til milliardærane krev sjølvsagt sine forsakingar, og ein må sjølvsagt unngå tomkøyring og sløsing.

Det er ikkje avgjerande for meg at det er Posten som kjem med avisa. Det må gjerne vere avisene sjølv som går saman om distribusjonen, men omlegginga må vere førebudd og gjennomprøvd før iverksetjing. «Laurdagsfantomet» har etter kvart fått orden på sakene her i distriktet, men omlegginga var skandaløst dårleg førebudd. Men staten kan ikkje berre skyve distribusjonen av papiraviser over på lokalaviser og andre avishus, som i mange høve sjølve kuttar og sparer, og dermed yter ringare og ringare kvalitet, utan at det følger pengar med.

Blir Posten avvikla, må staten òg syte for etablering og finansiering av alternative trygge daglege leveransar av blod og vevsprøvar frå legekontor i distrikta til sjukehusa. Ein kan ikkje berre trekke på skuldrene, og seie at det får kommunen ta seg av. 

Nyheits- og kunnskapsformidling er ein verdi i seg sjølv, og handlar om demokrati og folkeopplysning. Skal folk i framtida få ei mil til postkassen i butikken, og lese verda rundt seg i form av overskrifter og resirkulert søppel på sosiale medium, så blir vi eit dumt og manipulerbart folk. 

Ein monaleg auke i pressestøtta kan kanskje vere ei alternativ finansiering av avisdistribusjonen i distriktet, så folket kan bli verande opplyst og vere i stand til å halde «foroverbøyde» samferdsleministrar og stortenkjarar frå Stavanger i øyro.  

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags