Kampen for transportnæringa

Hilmar Høl og Torbjørn Vereide skriv om kampen for transportnæringa.

Hilmar Høl og Torbjørn Vereide skriv om kampen for transportnæringa. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

– Det burde seie seg sjølv at trailerane må ha ein utkvild sjåfør bak rattet, effekt i bremsene og vintergrep på dekka. Diverre er det fleire døme som viser at dette verken er sjølvsagt eller sjølvgjort, skriv Hilmar Høl og Torbjørn Vereide.

DEL

MeiningarTransportnæringa vår står allereie i møte med nokre betydelege utfordringar. Varierande tryggleik, låge lønningar og pressa konkurransekraft er berre nokre av stikkorda. No er EU på veg med eit nytt lovforslag for transport som kan gjere dette mykje verre. Det vil vi ta kampen mot.

I vinter blei ein litauisk sjåfør vinka til sides i Sogn og Fjordane. Til myndigheitene si overrasking blei sjåføren blei lukkeleg for å bli "tatt" i kontroll, og kontrollørane fekk omvising på alt frå bremser og køyretid til dekk og kjettingar. Traileren var ikkje trygg å køyre på vintervegane, og traileren var heller ikkje trygg å møte på vintervegane. Pålegg og bøter blei sjåføren sin einaste sjanse for å presse transportselskapet til å rette opp i alle manglane på vogntoget.

Andre avsløringar viser at sjåførar (vanlege menneskjer) blir tvungen til å leve, ete og sove i køyretøyet sitt i opp til fleire månadar om gangen. Samstundes viser det seg ved fleire høve at sjåførar blir pressa til å godta det som grensar til ulovleg lave lønningar. Det burde seie seg sjølv at trailerane må ha ein utkvild sjåfør bak rattet, effekt i bremsene og vintergrep på dekka. Diverre er det fleire døme som viser at dette verken er sjølvsagt eller sjølvgjort.

Når vi ser på tala frå SSB og Statens Vegvesen, kan vi rekne oss fram til at 570 tomme lastebilar passerar grensa inn til Noreg kvar einaste dag. Dette er eit tydeleg teikn på at stadig fleire utanlandske lågprisselskap køyrer over grensa vår med symbolsk last for å få tilgang til innlandsmarknaden i Noreg.

Allereie i dag kan EØS-transportørar køyre inntil tre innanlandske oppdrag i løpet av sju dagar.Om det nye transport-regelverket til EU blir innført i Noreg, vil dette blir endra til 5 dagar køyring og eit ubegrensa tal med fraktoppdrag. Norsk Transportarbeidarforbund og Norsk Lastebileigarforbund har ved gjentekne høve varsla om konsekvensane av dagens regelverk. Difor ser vi det som heilt uaktuelt å innføre eit regelverk som gjere dette enda verre.

Vi skal sjølvsagt ikkje felle den same dommen over alle transportselskap som kjem frå Aust-Europa. Vi meiner heilt klart at det også er utfordringar i den norske delen av transportsektoren. Organiseringsgraden må styrkast, og arbeidsvilkåra betrast. Likevel ser vi det som heilt naudsynt at vi tek eit oppgjer med internasjonale selskap som hentar profitten på bekostning av arbeidsvilkåra og tryggleiken på vegane våre.

Dette er bakteppet. Difor seier vi det klart og tydeleg: Noreg må bruke reservasjonsretten mot dei nye kabotasjereglane til EU. Vi håper at du vil stå med oss og dele engasjement, for dette blir ein viktig kamp for heile transportnæringa.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags