Ørna på Alden er ikkje lenger eit problem for Nekst

ØRN OG OPPDRETT: – Nekst tek sjølvsagt alle innspel knytt til natur og miljø på det største alvor og vil innhente råd frå fagleg hald på dei ulike områda og finne ei løysing som både ørna på Alden og Nekst kan leve med, skriv Kjell Audun Aasen og Martin Ramsdal.

ØRN OG OPPDRETT: – Nekst tek sjølvsagt alle innspel knytt til natur og miljø på det største alvor og vil innhente råd frå fagleg hald på dei ulike områda og finne ei løysing som både ørna på Alden og Nekst kan leve med, skriv Kjell Audun Aasen og Martin Ramsdal. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

DebattKanskje kan ørna på Alden og Nekst spele på same lag?

Nekst kartlegg og søkjer i desse dagar om fem ulike alternative sjølokalitetar for produksjon av laks og aure i område Askvoll og Solund kommune.

Det er heilt rett at Fylkesmannen har uttrykt seg negative til ein av lokalitetane med bakgrunn i hekkande havørn. Lokaliseringa av fôrflåten, som Nekst har planlagt å plassere nærare land og meir skjerma for vær og vind, vil vere ca. 500 meter frå reirplassen til ørna. Havliljene og sjølve oppdrettet vil derimot ha ein avstand på over 900 meter og er derfor utanfor den kritiske sona.     

Nekst tek sjølvsagt alle innspel knytt til natur og miljø på det største alvor og vil innhente råd frå fagleg hald på dei ulike områda og finne ei løysing som både ørna på Alden og Nekst kan leve med.

Det skal og merkast at Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og har uttrykt seg positivt i høve til Nekst si satsing med å ta i bruk ny og alternativ teknologi som kan bidra til å løyse miljøutfordringane i akvakulturnæringa knytt til m.a. rømming og lakselus.

Nekst sine HavLiljer er eit generisk utforma havlokalisert merdsystem, som baserer seg på grunnleggande eigenskap frå offshore / subsea-teknologi, samt det beste frå norsk oppdrettsindustri.

I samarbeid med Marine Construction AS som teknologiutviklar, og blant anna ABB, har Nekst utvikla ei patenterbar løysning der merdane med ei dobbelt not kan senkast under «lusebeltet» og bølgekreftene. Den korte driftstida, i kombinasjon med dei nyutvikla og patentsøkte offshore-merdane, vil så godt som eliminere behovet for avlusing, samt sikre mot rømming.

Nekst har i heile prosjektet eit gjennomgåande godt samarbeid med kommunane i Sogn og Fjordane, Flora, Askvoll og Solund kommune. Industriprosjektet kan bli det største i Sogn og Fjordane på 50 år.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har handsama saka fleire gonger, og fylkesordførar Jenny Følling skriv i si uttale: «Fylkesutvalet ber om at Fiskeridirektoratet og Fiskeridepartementet medverkar til at det blir tildelt tilstrekkelege med utviklingskonsesjonar slik at prosjektet kan realiserast med full utbygging».

Nekst sitt integrerte konseptet mellom land og sjø er eit komplett miljøkonsept som igjen vil sikre berekraftig omstilling og eit stort teknologiløft for heile den norske akvakulturnæringa. Det er heilt i tråd med Stortingets ønske om «Forutsigbar, miljømessig berekraftig vekst i norsk laks og ørretoppdrett» (Meld St. 16 (2014-2015).

Ørna på Alden kan derfor bli ein medspelar for Nekst si satsing i Sogn og Fjordane.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags