Dyrevelferd – men ikkje for hundar?

VIKTIGE DYR: – Fleirtalet er nok mest ein del av familien, og frå USA er det tal som tyder på at så mange som 30 prosent også deler seng med hundane sine. Dette viser kanskje kor viktig funksjon hundar har i mange menneske sine liv, skriv Hans Johan Breidablik som ønskjer hundepark i Førde.

VIKTIGE DYR: – Fleirtalet er nok mest ein del av familien, og frå USA er det tal som tyder på at så mange som 30 prosent også deler seng med hundane sine. Dette viser kanskje kor viktig funksjon hundar har i mange menneske sine liv, skriv Hans Johan Breidablik som ønskjer hundepark i Førde. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

– Det er lite kjekt for oss som er hundeeigarar å stadig få korreksjonar frå framande om vi aldri så mykje har kontroll på hundane våre, skriv Hans Johan Breidablik.

DEL

MeiningarDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Det er stor merksemd på dyrevelferd for tida, husdyr skal få bevege seg friare og vi har sett at avl av pelsdyr i bur går mot avvikling. «Dyrevernalliansen» er ein hyppig sitert organisasjon i mediebildet.

Men underleg nok ser ein ikkje tilsvarande initiativ når det gjeld det dyret som står nærast og som har følgt menneska så lenge vi kjenner historia bakover. Her er tendensen den motsette gjennom stadig utviding av bandtvangen, slik at denne i nokre kommunar gjeld snart året rundt (og ofte utan konkret grunngjeving som kravet er).

Ein bereknar at det er over ein halv million hundar i Noreg, og talet er veksande. Omgjort til Førde kommune skulle ein då kunne anta at det er 1200 husstandar med hund i kommunen (berre ein del av desse er organisert i Førde Brukshundklubb). Dette er altså ein av dei store innbyggargruppene som har fritidsaktivitetar relatert til sine firbeinte familiemedlemmer, og ville om dei organiserte seg utgjere ei betydeleg interessegruppe i lokalsamfunnet. Nokre driv også med særlege oppgåver knytt til jakt, ettersøk, redning og gjeting av sau.

Men fleirtalet er nok mest ein del av familien, og frå USA er det tal som tyder på at så mange som 30 prosent også deler seng med hundane sine. Dette viser kanskje kor viktig funksjon hundar har i mange menneske sine liv. Forsking viser også klare positive resultat på folkehelse for både barn og vaksne av det å halde hund, inkludert at grupper av hundeeigarar har lågare dødelegheit (særleg dei med aktive hunderasar).

Mange hundeeigarar i Førde bur i tett busetnad, der det ikkje finst hagar eller inngjerda område der hundane kan bevege seg fritt. Ein er difor tilvist til å halde hunden i band stort sett alltid, noko som er svært unaturleg for mange hunderasar, som jo er fødde til å bevege seg i stort tempo og leike med andre hundar. Behovet for dette er sjølvsagt minst like stort som det er for mennesket, der kommunen legg til rette for fysisk aktivitet i stort omfang og bruker betydelege fellesressurssar på dette som t.d. i Hafstadparken, Hadstadkleiva og ikkje minst til å skape «sykkelbyen» Førde.

Ein har difor mange stader laga inngjerda område der hundar kan bevege seg fritt under eigarane sitt ansvar, og bruken av desse er betydeleg. Til dømes har ein i Eikefjord eit slikt større, populært område.

Les også: Lite pengar i hundepark: – Vi driv på dugnad

Men dei fleste som går tur med hundane gjer det i nærområdet sitt, det tek mykje tid og er heller ikkje spesielt miljøvennleg å køyre bil lange strekker for å få lufte hunden sin.

Under planlegginga av Hafstadparken har mange av oss fått det inntrykket at det også her skulle avsettast plass for den store gruppa av hundeeigarar som ser etter ein plass der dei kan lufte hunden fritt utan å måtte opptre ulovleg eller å genere andre som kanskje også er redde for hundar som kjem bort til dei. Det er lite kjekt for oss som er hundeeigarar å stadig få korreksjonar frå framande om vi aldri så mykje har kontroll på hundane våre, og har gjennomført sertifikat for saueaversjonskurs. Det siste vi ønskjer er jo at hundane våre skal sjenere andre personar eller jage/skade andre dyr.

Kommunestyret hadde nyleg oppe eit forslag om å gjerde inne eit område i sentrum for hundar (helst i Hafstadparken), og det var tilslutnad til dette i ord. Men samstundes fråskreiv kommunen seg å ta nærare del i å få det til i praksis, og ein meinte at private grunneigarar kunne organisere dette som attåtnæring.

Dette er sjølvsagt skuffande for oss som hadde venta ei meir proaktiv rolle frå dei som styrer fellesmidlane i byen vår. Å gjerde inne eit område i Hafstadparken ville ikkje ha større kostnader, og vi som er hundeeigarar kunne stått for dette sjølv om nødvendig, dersom kommunen stilte eit område til disposisjon.

Førde treng vekst framover, og familiar med hundar kunne møte ikkje berre «sykkelbyen» som merkevare, men også ein by tilrettelagt for hundar når dei vurderte å flytte hit.

Kommunen si leiing burde her ta inn over seg kor mange dette gjeld for og kor viktig det er for dei. Billigare merkevarebygging for Førde som by kunne ein neppe oppnå.

Les også: Politikarane vil ha hundepark, men ber private gjere jobben 

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags