Prioritering i verdas rikaste land – er det nødvendig?

Hans Johan Breidablik

Hans Johan Breidablik Foto:

Av
DEL

Kronikk 

Det engelske magasinet The Economist sjekkar kvart år prisane på McDonald's-hamburgarar i heile verda. Viss Norge brukte alle pengane sine på Big Mac, ville kvar nordmann få 13.122 hamburgarar i året. I Spania ville ein få 6240, medan kvar brasilianar ville få 1668 Big Mac. Dei fleste ville vel vere samde om at dette ikkje ville vere rett prioritering av samfunnet sine midlar.

Å prioritere inneber to element samstundes – å setje noko framføre, og dermed velje bort noko anna. Medan det første element sjeldan fører til mykje usemje; vil det andre ofte vere vanskeleg og føre til protestar, ofte gjennom oppslag knytt til einskildsaker i media.

Tidvis ser vi uttaler som at når det gjeld «liv og helse» så kan ein ikkje velje mellom ulike alternativ, og at ein i vårt rike land må ha råd til alle viktige føremål på helseområdet. Men slik er det nok ikkje, og avgjerdstakarane i helse- og omsorgssektoren må ofte ta vanskelege avgjerder i kvardagen som handlar om å prioritere mellom ulike tenesteområde, brukarar og pasientar. Ressursar må fordelast til ulike formål som førebygging, sjukeheimsplassar eller rehabiliteringsplassar. Dei tilsette må disponere arbeidsdagen til det beste for pasientar og brukarar.

Under overflata vil det alltid ligge prioriteringar sjølv om dei ikkje er bevisste, og då er det styrke og merksemd i «marknaden» som vil stå for det. Etter kvart som gapet mellom det som er mogeleg å gjere, og det som det finst ressursar til, aukar framover vil meir open debatt om samfunnsmessige prioriteringar truleg tvinge seg fram.

Frode Jahren, generalsekretær i LHL seier det slik: « ...#8230; dessverre er det slik at de mest ressurssterke og best organiserte pasientgruppene lettast når fram med sin skildring i offentlegheita».

Det har tidlegare vore fleire rundar med prioriteringsspørsmål knytt til spesialisthelsetenesta i Noreg gjennom dei såkalla Lønningutvala I (1987) og II (1997), Grund-utvalet (1997), Nordheim-utvalet (2014) og Magnussen-gruppa (2015). Men for kommunehelsetenesta og den offentlege delen av tannhelsetenesta har det fram til no ikkje vore gjort slike utgreiingar.

I 2015/16 fekk vi så ei Stortingsmelding i med tittelen «Verdier i pasientens helseteneste. Melding om prioritering». Her vart det føreslege å sette å sette ned eit utval leia av Aud Blankholm som skulle sjå nærare på dette området.

Resultatet av dette utvalet sitt arbeid har vi no fått i form av ein NOU (Norges Offentlige Utredninger) med tittelen «Det viktigaste først»:

Mandatet som vart gjeve dette «Blankholm-utvalet» var følgjane:

Skildre utfordringsbildet og belyse behov for å prioritere.

Drøfte og foreslå prinsipp for prioritering på dei ulike avgjerdsnivåa.

Foreslå verkemiddel for å understøtte prioriteringsbeslutningane.

Kommunen/fylkeskommunen har ansvar for mange ulike sektorar, og stor grad av sjølvstende i eiga prioritering og organisering. Kommunane har slik sett eit breiare samfunnsoppdrag enn spesialisthelsetenesta.

Føremåla med den kommunale helse- og omsorgstenesta og tannhelsetenesta er ofte vidare enn i spesialisthelsa. Det er ofte fleire problemstillingar/diagnosar samstundes og over lengre tidsrom, og der meistring og førebygging er sentrale element.

Kunnskap om effekten av ulike tiltak er ofte klart svakare enn i spesialisthelsetenesta.

Utvalet tilrår at ein nyttar liknande tre kriterium som i spesialisthelsetenesta også i kommunehelsetenesta:

  1. Nyttekriteriet: Prioriteten aukar i tråd med den forventa nytta av tiltaket. Nytta skal vurderast ut frå om kunnskapsbasert praksis tilseier at tiltaket aukar sannsynligheita for: overlevelse eller redusert funksjonstap – fysisk eller psykisk funksjonsforbetring – reduksjon av smerter, fysisk eller psykisk ubehag eller auka fysisk, psykisk og sosial meistring.
  2. Ressurskriteriet: Prioriteten aukar desto mindre ressursar tiltaket legg beslag på.

Ressurskriteriet skal ikkje brukast isolert, men saman med dei to andre hovudkriteria for prioritering.

  1. Alvorlegheitskriteriet: Prioriteten aukar i tråd med alvorlegheita av tilstanden. Alvorlegheit vurderast ut frå: risiko for død eller funksjonstap – graden av fysisk eller psykisk funksjonstap – smerter, fysisk eller psykisk ubehag – graden av fysisk, psykisk og sosial meistring.

Både nosituasjonen, varigheit og tap av framtidige gode leveår har betydning for graden av alvorlegheit. Graden av alvorlegheit aukar også jo meir det hastar med å kome i gang med tiltaket.

Utvalet ser for seg følgande verkemiddel for konkretisering og implementering av desse prioriteringsprinsippa: Juridiske, økonomiske, pedagogiske, kunnskapsmessige og tilgang på naudsynte data for slik prioriteringsstøtte.

Mange vil nok kunne hevde at prinsippa som Blankholm-utvalet føreslår er ganske «runde» i formuleringane, og at dei beskriv den praksisen som i stor grad gjeld allereie.

Skal dei endre noko på den daglege praksisen i kommunehelsetenesta må dei nok supplerast med meir konkrete og detaljerte eksempel som både fagpersonell og administratorar/politikarar kan kjenne seg att i. Særleg viktig blir det då med gode oversiktsdata og tilhøyrande forsking på effekt av ulike tiltak.

I dette trur vi at Helse Førde sitt Samhandlingsbarometerkan bli ein viktig medspelar i å skaffe fram og bearbeide ulike data for kommunane (sjå https://samhandling-sfj.no/fag-og-forsking/samhandlingsprosjekt/samhandlingsbarometeret/)

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags